Den nye kommunelova som kom i 2018, legg til rette for eit skarpare skille mellom politikk og administrasjon, enn det som var i den gamle.

Kommunelova er og laga for at kommunane og politikken skal vere tillitskapande.

Oppgåvene, ansvarsområda og kontrollansvaret skal vere klåre. Hensikten er å få til eit godt samarbeid og forebygge konflikter, sikre tilstrekkeleg politisk innverknad og samtidig sikre nok administrativt sjølstyre.

Rollane og ansvaret er fastslege i kommunelova og delegasjonsreglementet.

Kommunedirektøren har i kommunestyret gjeve uttrykk for at ho vil rå med eigne saker som ikkje er politikk, og har vist til lovverket.

Ordførar Refstie i Sunndal på den anna side, vil gjerne drive med saker som ikke er politikk og som er direktøren sitt ansvar.

Årberetning lagar kommunedirektøren til kommunestyret kvart år

Ordføraren har fått pressa sitt skriveri «Ordførerens kommentar» inn i beretninga som formannskapet og kommunestyret skal handsame. Ordføraren får ved politisk handsaming høve til å uttale seg og foreslå slik som vi andre politikarane.

Det er ingen grunn til at han skal vere medforfattar av årsberetninga. Habiliteten hans blir og mildt sagt, tvilsom.

Kommunen eig 95% av aksjane Akvainvest Møre og Romsdal as, som eig 10% av Nofima as. Kommunen var med og stifta Avainvest Møre og Romsdal as i 2007 då Nofima hadde problem. Det har gått godt for Nofima sia den gongen.

Til generalforsamlinga i Akvainvest har kommunestyret vald ordførar Refstie som kommunen sin representant. For folkevalde gjeld habilitesreglane, men likevel vel han seg sjøl som styreleiar. Generalforsamlinga handsamar rekneskap og årsmeldingar som han sjøl, styreleiaren, er ansvarleg for.

Private eigarar kan møte i generalforsamlingar og velje seg sjøl til styret. Ordførar Refstie kan ikkje gjere det.

På Sunndal kommune si heimesida kan ein lese om beredskap at ordføraren er beredskapsleiar med det overordna ansvaret for beredskapsarbeidet og kriseleiinga i kommunen.

Kommunen skal etter Sivilbeskyttelsesloven, Forskrift om beredskapsplikt og tilhøyrande vegleiar ha rett beredskap.

Beredskapen er kommunedirektøren sitt ansvar. Det går klårt går fram av kommunen sitt delegasjonsreglement.

Under delegeringa til ordføraren har det av ein eller annan merkeleg grunn blitt; er øverste beredskapsansvarlig i kommunen.

Ofte når det går gale ved uønska hendingar og manglande beredskap, er uklåre ansvar medverkande. Rettsaka etter fregattforliset som går føre seg no, viser det.

Å vere beredskapsleiar og øvste ansvarlege i beredskapsarbeidet er ei operativ oppgåve som ligg til kommunedirektøren. Når politikarane skal handsame saker som angår beredskap, blir ordføraren no inhabil.

Det er snart tid for årsmeldingar, generalforsamlingar og gjennomgang av delegasjonen.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Ordførar Refstie bør rydde rotet rundt rollen.

Erling Rød

Sunndalsøra, 20.2 2023