Så har vi teke farvel med Paul Bøe. Ein uvanleg traust, dyktig og hjelpsam bøfjording etterlet seg eit stort tomrom.

Mange deltok ved gravferda i Åsskard kyrkje. Prest Torbjørn Brøske nemnte Paul med salmistens ord som ein av «dei stille i landet, som har gjort si gjerd».

Ja - og Paul uretta langt meir enn si eiga «gjerd». Attåt å drive heimegarden Olastua saman med kona Inger og sønnene som etter kvart vaks til, hadde han både innsatsvilje og evner til å ta både eitt og to tak for naboane og bygda si.

Kor mange bygg han har vølt og halde ved like, veit ingen. For Bø Grendalag og det tradisjonsrike bedehuset Kveldheim utretta han eit urekneleg arbeid. Og hans dugnadstimar ved bygginga av Bøfjorden Grendahus var tallause.

Like eins kunne jaktkameratane, skyttarlaget og idrettslaget rekne med at Paul var der. Ved løypearbeid og tidtaking på skirenn var han alltid på pletten. Og det Paul tok seg av, det var å lite på.

Neppe nokon har betre fortent prisen som Bøfjorden Historielag gav han i 2017 – til takk for innsatsen i bygdesamfunnet.

Arbeid fekk han da også tidleg lære, på sjøen og på garden. Faren døde før Paul var 17 år. Som eldst av dei fem søskena i Olastua fekk han mykje av vaksenansvaret på garden. Godt at han både var omtenksam og fysisk sterk.

Ski og fotball dreiv han så langt tida tillet det. Utstyr var det vandt om. Han fortalte meg at da fotballskorne han arva etter onkel Anders rivna, tenkte han å måtte gi seg. Heldigvis fanst det gåvmilde folk i bygda: Guten fekk seg nye fotballsko. Ei tid var han og fem onklar med på Bøfjord-laget, og Paul vart ein stø forsvarsspelar. (Eg opplevde det som ei stor ære å arve back-plassen etter han!)

Han og Inger frå Bergesvika gifta seg i 1964 og var det første brureparet som kunne krysse Bøbrua – rett nok til fots. Dei fekk sønnene Per Gudmund, Gunnar og Lars Arne. Seinare kom åtte barnebarn og tre oldebarn.

Gleda over natur og friluftsliv prega familien – både på Bergesvik-setra og på hytta ved Åsskardfjorden – dit turar og trim gjekk så å seie dagleg.

Dessverre svikta helsa etter kvart. Men sjøl om Paul leid av Parkinson, var han uvanleg tapper – med trimsykkel og arbeid. Sittande i ein stol hogg han til og med mykje ved dei siste åra.

Når eg møtte han på sjukeheimen det siste året, hadde vi fine samtalar. Og det var ei ære å få spela fødselsdagssongen da han runda 87 i haust.

Trass i plagene klaga han aldri, og det var rørande å høre han seie at han ut frå situasjonen «ikkje kunna haft det be’r».

Dei orda fortel litt om eit edelt menneske av heil ved. Ein mann det er ei glede å ha fått kjenne her i livet.

Bernt G. Bøe