Mange av oss hugser kanskje emneknaggen #bondeopprør som florerte i sosiale media i den tida koronaviruset var i ferd med å sleppe taket. Eit heilt sentralt punkt i dette bondeopprøret var spørsmålet om korleis ein skal rekne ut kva som er inntekta til ein bonde. I meir enn tre år har bøndene bede om eit nytt talgrunnlag for å berekne bonden si inntekt. Det har vore veldig viktig for å kunne samanlike bonden sine inntektsmoglegheiter med andre relevante yrkesgrupper. Då KrF satt i regjering vart det sett ned eit utval for å få dette på plass, det såkalla Grytten-utvalet, som leverte sin rapport til dåverande landbruks- og matminister, Sandra Borch, i oktober 2022.  Målet var at bonden skulle kjenne seg att i tala. Bonden si inntekt må kraftig opp, og då er det heilt avgjerande at ein er einig om korleis inntektsmoglegheitane for bonden er i dag.

Det kjem difor som eit sjokk då det torsdag 11. april vart kjend at Arbeiderpartiet og Senterpartiet ikkje innfridde på nokre av punkta som Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget hadde spela inn. Senterpartiet har gått på eit realt mageplask i landbruksforhandlingane og vi er beint fram skikkeleg skuffa og oppgitt på vegne av norske bønder.

Eg les at min partileiar Olaug Bollestad har vore konstruktiv og forhandla med regjeringa, og at ho og lenge trudde dei skulle kunne finne ei løysing. Det er bra at dei forhandlar og prøver å finne løysingar. KrF skal være eit parti som finn løysningar som gagnar den norske bonden og tek vare på norsk matproduksjon. Men når Senterpartiet no heller finn fleirtal med Høgre og ikkje gjev nokon verdens ting er jo det heilt håplaust. Det seier sitt når forslaget som blir vedteke for den norske bonden er så dårleg at sjølv ikkje FrP kunne være med! FrP ville trass alt få ned normeringskravet, som handlar om at bonden sine inntektsmoglegheiter blir sett 20 prosent høgare enn den reelle inntekta deira.

Dei legg no til grunn at bonden skal jobbe 1845 timar i eit årsverk – rundt 100 timer meir enn ein skiftarbeidar. Dette til trass for at eit samla landbruk har bede om at timetalet må ned mot samanlikningsgruppene. Likevel har ikkje regjeringa gjeve ein einaste time her. I tillegg ønsker regjeringa å blåse opp inntektstala med 20 prosent ved ei normering og dei vil heller ikkje gje reell kapitalavkasting på det bonden har investert i. Etter det vi forstår hadde Senterpartiet ein historisk moglegheit til å finne fleirtal med KrF og SV til å komme bonden i møte her.

Her hadde vi ein moglegheit til å finne saman for et timetal bøndene kunne kjenne seg meir att i, men den sjansen let regjeringa gå ifrå seg. Det er verkeleg dumt, for her har det politiske spelet til slutt gått utover bøndene. Denne moglegheita burde Trygve Slagsvold Vedum og landbruksminister Geir Pollestad teke betre vare på.

Andreas G Ulvund Sunndal KrF