Nok ein gong går skuleleiinga ut i media med bekymring over at ulykker skal skje grunna den farlege trafikksituasjonen på skuleområdet i forbindelse med levering og henting av elevar. Er det berre eg som undrar på kvifor så mange kjenner dei treng å køyre barna sine til og frå skulen når det finst skuleskyss?

Kan det vere fordi at frå 3. klasse må ein betale kr. 329,- pr. månad (satsen pr d.d.) pr. barn for busskort? Dette er om ein bur under 4 km (målt frå dør til dør) unna skulen vel og merke, og det er det mange som gjer. Kan det vere at mange rett og slett ikkje kan ta seg råd til dette? La oss rekne litt på det. Om ein har 3 barn i skulen, noko som slett ikkje er usannsynleg, blir prisen for buss-skyss rundt 1000-lappen pr. månad for den husstanden. Da skjønar eg godt at ein heller vel å skysse barna sjølv, både ein og tre gonger om dagen tur-retur Øye. At dette blir problematisk med tanke på trafikksituasjonen er heilt openbart.

«Men ungane skal da komme seg til skulen for eiga maskin», fritt sitert Eivind Hasle (SV) den gongen han satt i kommunestyret. Ja, det byrjar bli nokre år sidan, men er tykkjer eg høyrer han enno. Med eit stort engasjement for folkehelse er eg så absolutt for at barna skal være i aktivitet og bruke kroppen fysisk mest mogleg. Særleg med tanke på at den spontane leiken har forsvunne meir og meir. Det er ei anna sak, men eg er heilt ueinig i at vi skal forvente at alle barn frå og med 8-års alder som bur i og rundt Surnadal sentrum skal gå eller sykle til skulen kvar dag heile året, uansett ver og føreforhold. Dei som bur slik til at dei kan det, er heldige. Men eg tør å påstå at det gjeld eit mindretal. Den store massen kjem frå sør-sida av elva, og kan med andre ord ikkje unngå transportetappen forbi Skei. Den veit vi er uforsvarleg, spesielt for dei minste. Det er stor trafikk gjennom sentrum på den tida elevane skal til og frå skulen. Å forvente at barn, uavhengig av alder, går fleire kilometer til og frå skulen dagleg, sommar som vinter, er berre å gløyme. På ein god sommardag vil det fort kunne ta meir enn halvtimen å gå like oppunder 4 km for eit barn. Om vinteren, enda lenger. Og dette er berre halve strekninga. Kor mange vaksne kan seie at dei brukar ein time på å gå tur-retur arbeid kvar dag? Eg berre spør.

Gangbru over elva frå butikksenteret var eit forslag i si tid. Og noko Hasle vel kjempa for, men gangbru har det ikkje vorte. Heller ikkje andre alternativ til trygg ferdsel for elevane gjennom eller forbi sentrum har gjeve resultat. Det har ikkje stått på forslaga, men det har vore svært lite handling.

Nei, skal vi verkeleg få gjort noko med den farlege trafikksituasjonen på Øye i dag må det blir meir attraktivt å velje annan transportmetode enn personbil. Å sette inn tiltak som gjer at fleire sender barna sine med skulebussen bør kikast nærare på. Skulegang er ei plikt for alle barn i alderen 6-16 år. Men å komme seg dit skal ein koste sjølv, og det er ikkje rimeleg. Det hastar med tiltak som verkar. Dei har det ikkje vore så alt for mange av hittil.

Heidi Gravvold Sæter

Raudt Surnadal