Sunndal KrF vil rette oppmerksamheita mot det å satse meir på utdanning av unge menn til arbeid i barnehage og barneskole. Det er mange grunnar til at det er viktig å få langt fleire menn inn i dei romma dei minste barna er.

For elleve år sidan mista barna mine far sin heilt uventa, dei var då 4 og 9 ½ år gamle. Å miste far sin over natta er ei dramatisk hending i eit barns liv. Verken som forelder eller fagperson kan ein vite kva det har å seie for framtida og moglegheita til å greie seg godt i eit langt liv til eit lite barn som opplever noko så dramatisk i ung alder.

Det kan vere mange andre grunnar til at far ikkje er til stade – som at mor er åleinemor frå fødselen av, skilsmisse, langvarig opphald i institusjon innanfor t.d. helse, rus og fengsel eller ein er på flukt frå krig.

I dagens samfunn er det mange barn som veks opp utan ein far i livet. Denne mangelen har betydelege konsekvensar som ikkje kan ignorerast. Betydninga av at ein far involverer seg i barnet sitt liv kan ikkje undervurderast, og det er på tide å rette søkelyset mot dette temaet.

Forskning har gjentatte gangar vist at fråvære av far kan ha negative konsekvensar for utviklinga hos eit barn. Spesielt gutar påverkast av mangel på ein positiv mannleg rollemodell i deira liv. Ein farsfigur som gir vegleiing, støtte og disiplin er avgjerande for å forme deira identitet og sjølvoppfatning. Mangelen på ein slik rollemodell kan gi mange utfordringar i livet, som eksempel at dei kan lettare hamne over i sosiale problem.

Mangelen på mannleg kontakt går ofte igjen i barns oppvekstmiljø, noko som betyr at barna, og då spesielt gutar, ikkje møter menn i barnehagen eller i skolen. Dette er noko ein kan gjere noko med for å bidra til at fleire menn vel ei utdanning og eit arbeid retta mot dei minste barna.

Det er på tide å adressere mangelen på ein farsfigur som ei viktig samfunnsutfordring. Vi må erkjenne betydninga av fedre i barns liv og arbeide for å skape eit samfunn som støttar og oppmuntrar til deira involvering. Ved å ta tak i denne problematikken kan vi gi barna våre ei solid plattform for utvikling og moglegheita til å vekse opp til sunne, trygge og vellykka individ.

La oss ikkje lenger undervurdere viktigheita av ein farsfigur. La oss samle oss som samfunn og legge til rette for ein inkluderande og støttande oppvekst for alle barn. Det er på tide å gi barna våre den farsfiguren dei fortener og sikre at dei får den vegleiinga og kjærleiken dei treng for å blomstre.

Derfor ønskar Sunndal KrF fleire menn varmt velkommen inn i barnehagane og barneskolane. Vi vil innføre eit utdanningsstipend for unge menn som vil velge utdanning innan barnehage eller skule. Vi vil og innføre tilbod til mannlege lærlingar innan barne-og ungdomsarbeidarfaget om å ta vidare utdanning som barnehagelærar eller småskulelærar med lovnad om fast stilling i kommunen etter fullført utdanning.

Dessverre viser erfaring at menn som har søkt seg til barnehage og skole ikkje har fått tilbod om arbeid. Erfaring viser og at menn som arbeider i barnehage i stor grad søker seg vekk frå arbeidet på golvet til å bli leiar – eller dei forsvinn heilt vekk frå arbeidet med barn. Det er trist, og vi vil framsnakke alle menn som står i dette viktige arbeidet med barn i ein sårbar alder. Dokker er utruleg viktige! Vi håpar dokker får fleire mannlege kollegaar.

Ingunn Karijord,

Sunndal KrF