Alle veit at dei ikkje skal køyre bil når dei er rusa. Likevel skjer det – i store tal. Og alle veit at dei skal opptre med «folkeskikk» når dei er saman med andre. Likevel skjer det ikkje alltid. Og aller lettast for at lovverk og folkeskikk ikkje blir følgt, er det når folk er rusa.

Ekstra vanskeleg å unngå problem må det bli når unge kvinner og menn skal arbeide og bu tett saman i forsvaret i vekes- og månadsvis, og både samfunnet generelt og ikkje minst forsvaret samtidig har blitt meir prega av liberal tilgang på og bruk av rusmiddel. Enkelte synest overraska over at rusmiddelbruk sløvar sjølvkontrollen og slepper fram meir «usiviliserte» og «primitive» handlingsmønster hos unge gutar overfor jentene. Dei vil – som store delar av alkoholindustrien og utelivsbransjen - helst kople alkoholbruken saman med «dannet» kultur og normal oppførsel.

Ein målretta aksjon mot fleire varslingssaker i forsvaret, vil også måtte omfatte tydelegare holdningar og innstrammingar når det gjeld holdningane til rusmiddel og rusmiddelbruk. Eg vil tru at også når det gjeld beredskap og forsvarsevne vil ein slik gjennomgang vere nyttig.

Eivind Hasle 6650 Surnadal