SV meiner kommunane må gi tilsette med ufrivillig deltid heile stillingar. Dette er blant anna viktig for likestillinga. Sunndal har kome langt i dette arbeidet, og har no ein gjennomsnittleg stillingsprosent på nesten 90. Men arbeidet må halde fram, også i Sunndal.

Tilgang til rikeleg og rimeleg kraft er ei forutsetning for industrien vår. SV meiner styresmaktene må regulere og styre energi-politikken betre for å sikre dette. Krafteksporten må avgrensast, og utanlandsk pris-smitte forhindrast. Vi må gå ut av ACER, EU sitt energibyrå, og bestemme over krafta vår sjølv igjen. Vi må oppruste eksisterande vasskraftanlegg, og vi må bygge ut ny kraft som flytande hav-vind. Dette er viktig for leverandør-industrien òg.

For Indre Nordmøre som ein felles bu – og arbeidsmarknadsregion er fullføring av Todalsfjordprosjektet veldig viktig. Arbeidet med ferjefri kryssing mellom kommunane må kome igang snarast. SV støttar dette, både lokalt og på fylkesplan.

Ved kommune- og fylkestingsvalet til hausten er det å håpe at veljarane stemmer på parti som er vennlegsinna overfor fagorganisasjonene og som deler fagrørsla sine verdiar. SV er eit slikt parti.

Eli Smisetfoss, Førstekandidat for Sunndal SV Erling Outzen, Leiar i Sunndal SV