Overskrifta strekar under det KrF vil halde fram no på tampen av valkampen. «Eg meiner samfunnet byggast best nedanifrå!» seier 1. kandidat på KrF si fylkesvalliste, Randi Walderhaug Frisvoll. «Frivilligheit, familie, vener og sosiale nettverk  byggjer mennesker og skapar fellesskap som vil gjere Møre og Romsdal til ein god stad å leve».

Vi i Surnadal KrF stiller ikkje med lokalvalliste i år, men vi vil halde fram KrF-lista som eit særs godt alternativ i val på nytt fylkesting. Vi heiar på saker som er viktige for kommunen vår: Fridom for familiane til å sjølv velje korleis kvardagen skal løysast, grøn omstilling, eit landbruk  som har gode rammevilkår og ein helsepolitikk som tar vare på heile mennesket, med sine fysiske, psykiske, åndelege, relasjonelle og kulturelle behov. KrF set dei kristendemokratiske verdiane høgt: forvaltaransvaret, nestekjærleiken og menneskeverdet.

Så merk deg at KrF si liste for fylkestingsvalet ligg i vallokalet til bruk! Godt val!

Surnadal KrF