No, som ved alle andre høve vi har diskutert og kommentert hendinga med slam, vil vi innleiingsvis sterkt beklage det som hende. Vi beklagar at det utilsikta kom store slammengder i elva og skulle særs gjerne unngått dette.

Årsaka til hendinga er at Follsjøen vart nedtappa for fyrste gong i historia i samband med at Statkraft var pålagt å forsterke dammane til Trollheim og Gråsjø kraftverk. Det er ikkje Statkraft som bestemmer kva som skal gjerast eller korleis. Det er NVE og deira utnemnde fagspesialistar som avgjer kva tiltak vi må utføre. Forsterkinga av dammen vert gjort for å møte framtidas endra klima. For å kunne få gjennomført dette måtte dammen tømmast. Vårt fokus har heile perioden vore å sikre nok vatn til Surna. Dette er særs krevjande i ein situasjon med betydeleg redusert magasinkapasitet grunna nedtappinga. All regulering av anlegget har hatt dette som einaste omsyn i heile anleggsperioden. Follsjøen vart tappa gradvis ned over lang tid. Skaden skjedde i det vi skulle tappe ut siste rest då vi var under inntaket til kraftverket og ned til botntappelukene. Det hadde då samla seg ein del slam i denne siste vesle delen av magasinet. Dette slammet vart då transportert gjennom botnlukene og ned i Surna. I etterkant er det lett å sjå at vi ikkje hadde vurdert denne risikoen godt nok.

Det har vore kontinuerleg dialog med NVE, kommunen og elveeigarlag. Vi har svart på spørsmål frå media, og ingenting er halde hemmeleg eller forsøkt skjult. Vi hadde møte med NVE den 12.10.2022 for å forklare hendinga og tiltaka vi gjorde på det tidspunktet. Det vart sett i verk tiltak med å oppretthalde vassføringa så høg som mogeleg (utan å ta for stor risiko mot minstevassføringskravet). Det vart henta inn ekspertise for å analysere og vurdere skaden og kome med forslag til tiltak. Vi har i etterkant fylgt desse råda. NVE har og varsla om pålegg i etterkant av hendinga, og varselbrevet viser omtrent same tiltak som vi alt har sett i verk.

Vi veit ikkje dei endelege konsekvensane enno. Det er bra at hendinga skjedde før gytesesongen tok til og at vi hadde høg vassføring opp til 140 m3/s rett etter hendinga. Vi har hatt 5 slike periodar med høg vassføring etterpå. Dette vil forhåpentlegvis vaske ut ein del av slammet. I tillegg føregår det grundige undersøkingar i regi av eksterne fagkonsulentar som NINA og COWI som vil gi oss betre svar på både korttids- og langtidseffekten av hendinga. Vi håpar den vert så låg som mogeleg.

I etterkant av hendinga har vi jobba mykje med å forstå korleis dette kunne skje, og kva vi kunne gjort annleis. Dette vil vere viktig lærdom for framtida. Når vi søkte om nedtappinga for å kunne etterleve pålegget om damforsterking, var vi kjende med risikoen, men korkje vi eller nokon andre klarte å føresei omfanget. Det kom inn mange høyringsinnspel til søknaden, men ingen peika på slam som ein stor risiko. Det var nemnt slam frå sjølve anleggsarbeidet, men det er ei anna sak. Hendinga kom derfor veldig overraskande på oss alle. Vi tok omgåande i bruk denne nye risikokunnskapen i eit damprosjektet vi har i Tydal, men der er tilhøva enklare med magasin nedstraums. Vi har til dags dato ikkje sett nokon anna måte dette kunne vore løyst på, og har eller ikkje erfart at nokon andre har forslag til dette, men dette vil vi jobbe vidare med framover.

Det vert i lesarinnlegget til Sundqvist gjort nokre antakelsar rundt menga slam som kan ha kome nedover, basert på google-søk og bilete. Vi vil understreke at det meste av sedimenta ligg att i magasina. Dei vart roleg tappa ned over lang tid. Problemet oppstod når vi måtte opne botntappeluka for å kunne tappe ut Follsjø heilt, og det hadde samla seg ein god del slam i denne siste delen av magasinet som utgjer ein liten del av totalen . Når vi bad konsulentar estimere eit omfang basert på scanning antyda dei 2 – 4 Mm3 som eit høgste estimat, men dette er usikkert. Dette er ille nok, og skaden har skjedd, men vi håpar at alle undersøkingane som er gjort og som pågår vil kunne gi oss enno betre svar på mengda.

Vi reagerer på at våre dyktige tilsette vert karikert i innlegget til Sundqvist. Dette er fagpersonar som utfører store vedlikehaldsoppgåver vi både må og er pålagt å utføre for å sikre at anlegga er rusta for framtida og at dei kan skape nødvendig fornybar energi til samfunnet. I denne viktige saka håpar vi at debatten kan dreie seg om sjølve innhaldet og ikkje denne type karakteristikkar.

Sommarens avisoppslag om endringar i vassføringa i Surna ynskjer vi å kommentere til slutt. At vi må vere litt korte i svara når ein journalist ringer i ein travel kvardag må ikkje forvekslast med arroganse. Statkraft er audmjuke overfor ansvaret vi har og samarbeider tett med kommune og elveeigarlaget for å få til gode løysingar. Vi fylgjer manøvreringsreglementet og skjønnet som vi er pålagt. Reglementet er nyleg oppdatert etter ein veldig lang vilkårsrevisjonsprosess der alle er høyrt og alle innspel grundig handsama av forvaltninga. Det tek omsyn til livet i elva og er ikkje optimalt korkje for fisking eller kraftproduksjon, men har balansert desse viktige samfunnsomsyna.

Vil og i denne samanhengen og trekke fram den store samfunnsnytten eit regulert vassdrag har i samband med flaumrisiko. Surnadal har ved fleire høve fått merke desse naturkreftene, og seinast ved ekstremværet Gyda i januar 2022. Surna målte desse dagane maksimalt 600 m3/s og gav stor skade. Magasina held tilbake 300 m3/s og hindra at flaumen vart 50% større. Det er for å møte desse enorme naturkreftene som i framtida er venta å auke, at vi forsterkar dammane.

Med venleg helsing

Kåre Hønsi, regionsdirektør Statkraft Energi AS, region Midt