Enkelte parti har i denne valkampen gått til kamp mot eigedomsskatten, fordi den skal vere så usosial. Men korkje Høyre, FrP eller Senterpartiet i Surnadal har gitt oss noka oppskrift på kva for skattar som er sosiale, eller korleis ein sosial skatt bør vere utforma.

Somme vil kanskje hevde at all skatt er usosial. Dei tenker seg då kanskje at det helst ikkje bør vere nokon skatt eller i alle fall så lite skatt som mogleg, men at kvart individ enkeltvis og privat gjer opp for seg, anten det gjeld skole-, helse- og omsorgstilbod, eller transport og kultur. Då er vi snart tilbake til «nattvektarstaten», som vi hadde i landet vårt tidleg på 1800-talet, og som mange statar rundt om på kloden nok enda er prega av. Der er statens oppgåver avgrensa til å vere «nattvektar», dvs. sørge for politi, rettsvesen og forsvar.

Dette er ei ordning for «survival of the fittest» og som kanskje kan tene dei unge og funksjonsfriske, velutdanna og med solid slekts- og familiebakgrunn.

For delar av det politiske spekteret har det i landet vårt i alle fall sidan slutten av 1800-talet gradvis vorte eit mål å bruke politikken til å prøve å jamne ut økonomiske og sosiale skilnader i samfunnet, mellom landsdelar og folkegrupper, mellom ulike sosiale grupper, mellom kvinner og menn, mellom barn og vaksne, og mellom funksjonshemma og funksjonsfriske. Men det krev samtidig ein viss solidartitet mellom menneska. Lenge var det kanskje kristeleg nestekjærleik som skulle gjere utslaget, og den barmhjertige samaritan var eit ideal for mange. Men i eit moderne velferdssamfunn er det først og fremst gjennom politiske verkemiddel vi lagar større jamstilling og rettferd mellom folk, gjennom familie- og utdanningspolitikk, arbeidsmarknadspolitikk og bustadpolitikk, skatte- og lønnspolitikk, trygde- og velferdsordningar, med tanke på t.d. mest mogleg gratis helse- og omsorg, alders- og barnetrygd, bustøtteordningar, utdannings- og etterutdanningsordningar  o.a.  Og i vår tid blir det som kjent stadig viktigare med felles innsats i miljø- og klimaarbeidet, trass i at Unge Høyre i dag synest å gle seg over at «Greta Thunberg-generasjonen er død».

Det er såleis – etter mi vurdering – trist å registrere det når enkelte parti heile tida ønsker å halde skattenivået nede på eit lågast mogleg nivå, og brukar alle slags tiltak til gunst for velståande folk til å utforme og utnytte skatteordningane – samtidig som delar av befolkninga må ty til «fattighus», «suppekjøkken» og gratis matutdeling. Brillestøtte og andre velferds-ordningar blir småleg plukka bort av enkelte parti, og kommunar ser seg økonomisk ikkje i stand til t.d. å utvikle kulturpolitikken eller la ungane delta i kulturtilbod og lokal idrett.

Dei nordiske velferdssamfunna har blitt utvikla gjennom politiske prosessar gjennom det siste hundreåret. Ein solidarisk skattepolitikk er ein avgjerande del av denne samfunns-modellen. Det bør vere ein politiske ambisjon ikkje berre å halde oppe og hindre forvitring av denne modellen, men å vidareutvikle han til beste for alle oss på kloden som er så heldige å bu her. Derfor er valoppslutninga og valresutatet mandeg 11. september viktig!

Eivind Hasle Listekandidat for SV