Onsdag 1. november, skal kommunestyret i Sunndal velje nytt fjellstyre og kandidatar til villreinnemda. Truleg blir dei folka som dei siste periodane har stått i spissen for den mislukka reinsforvaltinga, attvalde.

Då reinen vart rekna i vår, var det få dyr å finne. Talet var langt under det som står i forvaltingsplana.

I sommar då kalvane vart rekna, fann dei få. På vestområdet fann dei ingen kalvar. Eg foreslo i vår at reinen skulle fredast. Eg foreslo i august på nytt freding, i håp om at restane veststammen kunne bergast.

 Olav Søderberg som er leiar i villreinnemda, svara;

«Forvaltning av villrein er en langsiktig og viktig oppgave, samtidig vet vi at det i disse tider med sykdom er viktig å få tatt prøver av skutte dyr.

Medlemmene i villreinnemnda tar sin oppgave på det største alvor for å verne og sikre en sterk og levedyktig stamme i de områdene vi har ansvar for.»

Tala frå reinsjakta i haust har komme på hjorteviltregisteret. Det er triste tal. Oppsynsmann Sæther er likevel nøgd, men kunne tenkt seg at det vart skote fleire kalvar...

På vestområdet hadde villreinnemda godkjent ein kvote på 60 kalvar og det vart skote 5. Det vart skote simler av ein kvote på 4. (Det er lov å skyte simle på kalvekort mot å betale litt ekstra.)

 På vestområdet er det rikeleg med ørn og jerv, som og skal ha mat. Jakt på ein stamme som dei siste 5 åra har vore på full fart nedover, er korttenkt grådigheit og gjev ikkje ein «levedyktig stamme».

På austområdet er og talet på rein langt under målet, men det vart likevel jakta.

Her er kalvane i år og mindre enn på vestområdet. Villreinnemda trur at at kalvane er småe på grunn av at det er for mykje rein.

Det er feil. Truleg er kalvane småe fordi reinen har slutta å nytte dei gode sommarbeita, og går i vinterbeiteområda heile året. Dyra som før gjekk spreidde og trekte utover heile reinsterrenget, har etter hard jakt frå folk og rovdyr, berre kunne overleve i større flokkar. Dyra med trekkvanar er utrydda.

Det er til kommunestyremøtet forslag om attval på dei som står for den mislukka reinsforvaltinga, og slik blir det dessverre.

https://www.hjorteviltregisteret.no

https://www.driva.no/meninger/i/4ovaK9/stopp-jakta-i-fem-aar

https://www.driva.no/nyheter/i/Knl4lG/oppfordrer-villreinnemda-til-aa-stoppe-utrydding-av-villrein

https://www.auraavis.no/rod-mener-reinsjakta-pa-vestsida-ma-stoppes-blir-utrydda-med-vitande-og-vilje/s/5-5-507470

https://www.driva.no/meninger/i/15GPqJ/selger-jaktkort-paa-kalver-som-ikkje-finnes-bedrageri

Erling Rød