Surnadal hamn er viktig for dei tradisjonelle grøne næringane.  Det blir no skipa ut store mengder tømmer som fører til nyplanting av skogen og karbonbinding.  Samtidig kjem det med båt kunstgjødsel som bidreg til gode gras- og kornavlingar i Surnadal.

I området rundt hamna har vi store moglegheiter for næringsutvikling. Derfor er det svært viktig at vi omkring hamneområdet bygger næringsareal for framtidige grøne næringar. Til dømes vil grøn industri basert på skogvirke krevje stort areal. I dag er det slik at vidareforedla skogvirke kan erstatte det meste av det vi lager av olje.

For å legge til rette for slik utvikling  må vi,  og om vi har steinmassar tilgjengeleg, fylle ut noko av området sør for industrihamna innafor moloen. Steinmassar  frå damarbeidet i Folldalen, lokale steinbrot og masser frå  Todalsfjordprosjektet, er høgaktuelt her.

Om vi legg til rette for grøn industri i dette området,  er vi med på det grøne skiftet og vi får nye attraktive arbeidsplassar, inntekter til næringsliv og kommune, og økt busetting.

Hugo Pedersen, Ordførarkandidat for Senterpartiet i Surnadal.