Næringslivet i Surnadal ønsker å stå fram som offensivt og framtidsretta. Det er truleg derfor at ei klesforretning på Skei no får kombinere sal av klede og alkohol. Samtidig gir eit samrøystes kommunestyre løyve til å gi ein campingplass lov til å servere eigenprodusert øl. «Dette er positive vedtak som er verdifulle for Surnadal kommune», hevdar ordføraren, ifølgje «Driva» 21/2-2024. Snart blir det vel også alkohol å få på Husfliden og i alpinbakken?

Det må i alle fall trygt kunne seiast at auka alkoholsal over alt og i alle samanhengar ikkje er korkje heldig eller verdifullt for alle. Surnadal er ein av kommunane i Møre og Romsdal med størst alkoholforbruk, slik det går fram nasjonal rusmiddelstatistikk og UngData. Saman med alkoholbruken kjem vesentlege innslag av helseskader og vold og ulykker, anten alkoholen er eigenprodusert eller frå Vinmonopolet. I tillegg veit vi at koplingane mellom alkoholbruk og bruk av andre rusmiddel er stor.

Etter mi vurdering er det både trist og prinsipplaust at politikarane og næringslivet synest å meine at alkoholbruk høyrer med over alt og alle stader og utan avgrensingar korkje til aldersgrupper eller næringsaktivitet.

Av Eivind Hasle