Næringa tapar store pengar kvar dag, og mange har langtidskontrakter med sine kundar, som ikkje kan endrast.

På torsdag fremma FrP forslag om kutt av avgifter for drivstoff med 8 og 7 kr literen, og krevde hastebehandling for å kunne få umiddelbar effekt. Dette stemte SP, AP og SV ned, og dei vil berre «vente og sjå» og følgje med»

– Meir tafatt gjeng skal en leite lenge etter, og Finansminister Vedum ofrar ei heil transportnæring i heile landet med bakgrunn i sin eigen handlingslammelse.

Dette seier Frank Sve, 1 nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget, som fryktar at mange innan transportnæringa i nær framtid går konkurs.

Fleire fra SP, blant annet Geir Inge Lien i Transportkomiteen og Per Olaf Lundteigen, har tatt til orde for å kutte drivstoffavgifter straks.

– Dette viser seg no å berre vere en utidig dobbelkommunikasjon uten reelt innhold, mest for å føre innbyggjarane og næringslivet bak lyset seier 1 nestleiar i Transportkomiteen Frank Sve (FrP).

Vedum og SP må ta ansvaret for at arbeidsplassar kan gå tapt og at ei heil transportnæring blir ofra med bakgrunn i regjeringa si totale handlingslammelse.