Heldigvis er ikkje dei politiske skilnadene i Surnadalspolitikken av dei aller største. Men det er likevel verd å merke seg at Høyre og Senterpartiet synest å ha reduserte skatteinntekter til kommunen som sine viktigaste fanesaker. Høyre tar likevel atterhald om at nasjonale styresmakter skal kome opp med eit betre og meir «rettferdig» skattesystem – men burde samtidig vite at i denne valkampen må vi ta utgangspunkt i det skattesystemet vi har i dag. Og då er eigedomsskatt nødvendig og viktig både i Surnadal og i dei fleste kommunane. Men Solbergregjeringa gjennom 8 år sørga som kjent for at handlingsrommet for kommunane når det galdt eigedomsskatt vart noko redusert.

Og sjølv om det er mange som kanskje ikkje betaler skatten sin med glede, burde vi alle vere reflekterte nok til å vurdere skattesystemet i forhold til alternativa. Ville lågare skatt gjere lokalsamfunnet vårt betre? Er det slik at dei samfunna med lågast skatt er dei beste å vekse opp i eller bli sjuk eller gammal i? Føler vi at det skattesystemet vi har i landet vårt, fordeler inntekter og skatt på ei rettferdig måte? Er det da ikkje slik at dei økonomiske skilnadene i samfunnet den siste generasjonen har blitt forsterka? Og er det då ikkje slik at det norske samfunnet dei siste tiåra har gjort enkelte så rike at dei etter eiga vurdering ikkje har råd til å bu her lenger, men at dei samtidig gjerne frå ulike skatteparadis betaler rundt 40 prosent av valkampbudsjettet til Høyre og Frp for å påverke skattesystemet i «rettferdig» retning? (Jmf. Klassekampen 25/8).

Enkelte vil gjerne ha det til at vi kunne hatt eit minst like godt samfunn og like godt velferdssystem om vi hadde betalt mindre skatt. Heldigvis ser dei fleste i dag at det er ein klar samanheng mellom økonomi og kvalitet. Og det er godt dokumentert at vi får mykje god kvalitet i det norske velferdssystemet for den skatten vi betaler. Men vi vil truleg heile tida oppleve at vi skulle brukt meir pengar innanfor fleire velferdsområde. Den demografiske utviklinga gjer at vi no eigentleg burde få kvar tredje ungdom til å arbeide innanfor helse og eldreomsorg, dersom vi skulle ha same forholdstal mellom eldre og tilsette som det var for 15-20 år sidan! Då bør vi i alle fall ikkje svekke velferdstenestene ytterlegare med at enkelte tilsette får dårlegare lønns- og pensjonsvilkår – eller at velferdstenestene blir økonomisk sultefora. Og i kva grad brukar vi nok ressursar til førebyggande helsearbeid, eller til kultur? Det er trist å registrere det når biblioteket ikkje lenger ser seg råd til å abonnere på viktigaste lokalavisa i nabokommunane våre (avisa «Sør-Trøndelag»), eller kommunen ikkje lenger har pengar til å stimulere lokalt kulturarbeid, men har overlatt slike tildelingar til bankar og forsikringsselskap.

Anett Ranes, AP har hatt to innlegg i lokalpressa som understrekar samanhengen mellom skattesystem og velferdstenester i kommunen. Skattelette til dei med størst skatteevne - anten det gjeld formueskatt eller eigedomsskatt (som H og Frp. vekselvis har klaga på ) - er ikkje ei oppskrift  for gode lokalsamfunn. Skatten min og skatten vår er vår alles investering i gode lokalsamfunn.

Eivind Hasle Listekandidat for SV