Senterpartiet skal arbeide for å fjerne eigedomsskatten på bustader og fritidseigedommar, skriv ordførarkandidat Hugo Pedersen (Sp) i eit lesarinnlegg 9. august. Også ordførarkandidat Ole Joar Bruset (H) vil avskaffe eigedomsskatten, seier han i eit intervju publisert i Driva 16. august. Ingen av dei seier korleis dei skal dekke inntektsbortfallet.

Det er få som elskar å betale skatt, men det framstår som lite ansvarleg å snakke om å fjerne eigedomsskatten utan å presentere alternative inntekter.

I 2023 har Surnadal kommune budsjettert med 13,5 millionar kroner i inntekt frå eigedomsskatt frå bustader og fritidseigedommar. 13,5 millionar kroner er

  • 19 kommunale stillingar (sjukepleiarar, lærarar, vaktmeistrar, reinhaldarar, fysioterapeutar, helsefagarbeidarar, barnehagelærarar, rådgivarar og mange andre ekspertar på ulike felt)

  • dobbelt så mykje som budsjettet til kultureininga i 2023 (6,7 mill. kroner)

  • ein tredjedel av budsjettet til heimetenesta i 2023 (39,4 mill. kroner)

Kva er desse tenestene verdt for innbyggarane? Eigedomsskattesatsen er 3,41 promille av takstverdien. For ein bustad med takstverdi på 2,5 millionar kroner vil det seie 8 525 kroner i året, eller 710 kroner i månaden. I Surnadal er takstverdien på dei fleste bustadene under dette beløpet.

Hugo Pedersen og Ole Joar Bruset meiner eigedomsskatten er mest krevjande for familiar i etableringsfasen. Vi er einige i at denne gruppa har ei stor utgiftsbyrde med store bustadlån, aukande rentenivå og kostnader til barnehage og SFO.

Vi er ikkje einige at det er eigedomsskatten som er den største utfordringa for familiane sin økonomi. 710 kroner i månaden er med på å sikre at Surnadal kommune leverer gode tenester til innbyggarane sine, som til dømes barnehage og SFO. Eit barnehagetilbod som har blitt 3 456 kroner billegare per år (redusert makspris) med Arbeiderpartiet i regjering. Eit SFO-tilbod som, med Arbeiderpartiet i regjering, har blitt opptil 15 000 kroner billegare per år for familiar med ein første- eller andreklassing i SFO.

Også inntektsskatten er redusert for inntekter under 1 million kroner. Ein familie med samla bruttoinntekt på 1 million og to barn kan få ein skattereduksjon på 7 200 kroner i 2023 samanlikna med 2021 (8 800 kroner dersom foreldra har fagforeiningsfrådrag).

Desse reduksjonane utgjer langt meir enn utgifta til eigedomsskatt og er med på å hjelpe daglegøkonomien til svært mange av innbyggarane våre, inkludert familiane som Senterpartiet og Høgre meiner er tynga av eigedomsskatten.

Og når vi veit at eigedomsskatten bidrar direkte til at heimkommunen vår kan gi oss gode tenester, til at Surnadal kommune kan tilsette 19 personar som gir unge, eldre og alle andre gode kvardagar – da finn vi kanskje ut at dette ikkje er den tyngste utgifta vi har.

Annett Ranes, ordførarkandidat og kommunestyrerepresentant Jorid Aarvåg, listekandidat og kommunestyrerepresentant Surnadal Arbeiderparti

Note: 13,5 mill. kroner dekkjer lønn og arbeidsgivarutgifter på 25 prosent for 19 kommunale stillingar med ei gjennomsnittsbruttolønn på 568 000 kroner.

Lesarinnlegg og artikkel vi viser til: