I dag skal kommunestyret i Sunndal i sak 40/23 vedta å legge på folk flest ein unødvendig og urettferdig skatt:

https://opengov.360online.com/Meetings/sunndal/Meetings/Details/314311

 Sunndal kommune har store inntekter, omlag 100 millionar kvart år, frå kraftverk, kraftoverføring og tungindustri. Få andre kommunar har slike inntekter.

Kommunen må ikkje skattlegge folk flest med eigedomsskatt for å få endane til å møtast.

 Eigedomsskatten slik han er laga i Sunndal er urettferdig. Dei største og finaste eigedomane er lite skattlagt. Dei små og enkle eigedomane er hardt skattlagt.

https://www.sunndal.kommune.no/aktuelt/eiendomsskattelisten-2023-offentlig-ettersyn.5724.aspx

Den største som er 76 000 mål med 24 bygninger, og som har store inntekter frå jakt, betalar 564 kr.

Den nest største som er 62 000 mål med 20 bygninger, og som har store inntekter frå jakt, betalar 399 kr.

Eg har 0,73 mål med 1 bygning utan inntekter, men betalar 4941 kr.

Sunndal kommune, som er rik, treng ikkje å skattlegge folk flest på denne måten.

Erling Rød