Dei eldste eldre blei ikkje budsjettvinnarar denne gongen heller.

Surnadal kommunestyre hadde budsjettmøte torsdag 14. desember. I avisa Tidens Krav (TK) av 19. desember (s.6-7) kan ein lese at eit fleirtal i kommunestyret gjekk i mot å støtte eit forslag frå partia Høgre, MDG og FrP om å ta i bruk fire stengde sjukeheimssenger. Slik blei det ikkje rom for å opne stengde sjukeheimsplassar denne gongen heller. Dette er ikkje noko nytt. Dei siste åra har forslag om å vurdere og utgreie å ta i bruk nedlagde sjukeheimsplassar blitt stemt ned av eit fleirtal i kommunestyret. Dette kan klårt dokumenterast! Fakta blei grundig omtala i mitt lesarinnlegg i TK av 12. desember (s.14-15).

Det som er nytt her er at forslaget, framsett av Høgre, MDG og FrP, fekk meir støtte enn tidlegare. Vidare er det nytt at tre parti har gått saman om å fremme forslag om å gjenopne nedlagde sjukeheimsplassar mot tidlegare da det var berre eitt parti som fremma slike forslag, nemleg FrP.

Om eitt år skal det behandlast nytt kommunebudsjett for året 2025 i Surnadal. Skal ein oppleve det same da? Eg stiller spørsmålet. Røynslene så langt har ikkje vore gode. Som så ofte før har eg blitt skuffa, men ikkje overraska.

Eitt er sikkert: For meg har det ikkje vore lett å tale dei eldste eldre si sak og få gjennomslag i Surnadal kommunestyre.

Av Johs. J. Vaag