Det er no vel åtte veker sidan Hamas gjennomførte eit overraskande og stort åttak på Israelder der cirka 1200 vart drepne. Dette grusomme angrepet er ei handling vi fordømmer på det sterkaste.

Etter opprettinga av staten Israel i 1948 vart rundt 750 000 palestinarar fordrive frå heimane sine, og over 500 palestinske landsbyar vart jamna med jorda. I 1967 fekk vi seksdagarskrigen. kor meir palestinsk land vart okkupert, og over 300 000 palestinarar mista heimane sine.

Vi er alle vitne til den voldsomme og uproporsjonale krigføringa Israel no driv på Gaza. Nesten 1,9 millioner av Gaza si befolkning på 2,3 millioner er no fordrivne sørover til grensa mot Egypt. Desse områda som skulle vere sikre sonar, blir no angrepe med full styrke av Israel. Over 15 000 sivile er til no drept på Gaza, av desse over 5000 barn. Sykehus, ambulansar og skular, som er beskytta av humanretten, blir angrepe av Israel som legitime mål. Under heile krigen har Gaza vore nesten heilt avstengt for tilførsel av mat, vatn, medisinar og drivstoff.

Den krigføringa Israel no står bak, er ikkje katastrofal berre for palestinarane, men og for jødane i Israel. Israel mister «venner» i stor skala, Palestinske barn og unge blir sterkt radikaliserte og vil vere ein framtidig trussel for jødar og staten Israel. Millionar rundt om i verden, ikkje minst muslimar, blir no radikaliserte og vil vere ein trusssel mot vår eigen sikkerheit.

Medlemsmøtet i Surnadal Arbeiderparti den 4. desember 2023 fordømmer på det sterkaste den massive bombinga av sivile mål som no skjer, mellom anna sjukehus. Denne krigen fører til klare brudd på humanretten, folkeretten og andre internasjonale konvensjonar. Krigen må stoppast, humanitær og medisinsk hjelp må sleppe inn på Gaza, og gisla og politiske fangar må settast fri. Vi oppmodar alle politiske parti og organisasjonar om å støtte oss i dette.

Vi er glade for at den norske regjeringa har vore tydelege i sin omtale og fordømming av krigen, og stod saman med dei landa som stemte for FN-resolusjonen om umiddelbar våpenkvile i Gaza.

Surnadal Arbeiderparti