Ekstra viktig er det då at dei unge, som får skattemelding for fyrste gong, er merksam på dette, slik at dei blir registrert med det språket dei vil ha.

I Sunndal kommune syner statistikken at i 2020 valde 382 skatteytarar nynorsk. 5695 valde bokmål. Det var og ein del som valde engelsk. I Tingvoll kommune var tala 794 og 1898, medan Surnadal hadde 2346 med nynorsk og 2759 med bokmål. Kva blir tala i 2022?

Her i Møre og Romsdal har fylkesmållaga ein aksjon våren 2022 for å gjera folk merksame på valet av språk. Bed om å få skattemeldinga di på nynorsk! Du får ikkje mindre skatt av det, men du støttar nynorsken.

- Eg håpar mange ber om skattemeldinga si på nynorsk. Det viser styresmaktene at vi er mange som ventar å kunne kommunisere med det offentlege på språket vårt! seier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge.

Kva må du så gjera for å endre språket? Er du mellom dei som får skattemeldinga på papir, er der ei eiga rute der du kan krysse av for språkval. Får du skattemeldinga digitalt, og det er nok dei fleste etter kvart, må du logge deg inn på www.norge.no/nn-opdater-kontaktinformasjon der du ved å trykke på knappen «språk» får opp val mellom bokmål, nynorsk, engelsk eller samisk. Du vel nynorsk og loggar ut. Det er omtrent like lett som å gå inn på nettbanken.

Lykke til!

For Nordmøre Mållag,

Ingrid Kjønnøy, leiar