På sundag fyller Prinsesse Ingrid Alexandra 20 år. I framtida skal ho ein gong bli Noregs Dronning og Monark, og vere ein samlande leiar for heile landet. Samstundes truar fleire parti med å avskaffe monarkiet. Korleis kan ein vere så historielaus?

Det norske monarkiet går langt attende i tid. Heilt frå då Noregs fyrste gonge, Harald Hårfagre, samla Noreg på 900-talet, til Kong Håkon den 7. vart signa etter unionsoppløysinga i 1905, og til dagens Kong Harald.

I Noreg står monarkiet sterkt. Då NRK gjorde ei meiningsmåling blant ungdommar mellom 16 og 20 år for eit par år sidan var det under 1 av 10 som ynskja å avskaffe monarkiet. Heile 76% av ungdommane ynskja Kongedømet Noreg ei framtid. Folk flest er meir enn nøgd med kongefamilien vår.

Samstundes vil partiet Venstre, i tillegg til krefter i FRP, AP, Høgre og SV avskaffe Kongehuset. Dei er altså i total utakt med resten av befolkninga. Kva er det som får dei til å ville fjerne ein av dei viktigaste institusjonane i det norske samfunnet?

I dag har vi eit moderne monarki, der kongefamilien utelukkande fungerer som samlande for folket. Kanskje er det akkurat i slike vanskelege tider som vi er inne i no, med forferdelege krigar i verda og dyrtid her heime i Noreg, at eit samlande monarki er på sitt viktigaste. For Kongehuset er korkje «umoderne» eller «utdatert» - tvert om. Monarkiet i Noreg har heile vegen utvikla seg i takt med samfunnet elles.

Dagens monarki fungerer kjøle godt, og er ein viktig del av demokratiet og kulturen i Noreg. Det er heilt utan meining å skulle fjerne noko som fungerer så godt som det Kongehuset i Noreg gjer.

Gratulerer med 20-årsdagen til den Høgvørde Prinsesse Ingrid Alexandra!

Dordi Boksasp Lerum

Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet