Kommunestyret skal onsdag 7. februar 2024 i sak 1/24 ta til orientering kommunen si plan for å revidere den heilheitlege Risiko- og sårbarheitsanalysa (ROS-analysa).

Kommunestyret bør vedta at ordførar Refstie ikkje skal vere med i «analysegruppa».

ROS-analysa vart vedteken av kommunestyret av Sunndal kommunestyre 17. mars 2016. Ho skulle ha vore revidert i 2020.

Etter plana som no blir lagt fram, skal kommunestyre vedta revideringa i januar-februar 2025. Det blir 5 år etter det som vart vedteke i 2016.

Ansvaret for at kommunen har ei oppdatert ROS-analyse og beredskapsplan ligg hos kommunedirektøren.

Revideringa skal leiast av kommunedirektøren og beredskapskoordinatoren.

Dei foreslår ei analysegruppe der både aktuelle kommunale og ikke-kommunale beredskapsfolk er med.

Av ein eller annan merkeleg grunn, har ordførar Refstie og vorte med i analysegruppa. Refstie er politikar og har ikkje noko der å gjere.

Når kommunestyret om eit år skal behandle og godkjenne analysa, skal ordførar Refstie ta stilling til og drøfte noko han sjøl har vore med og laga. Truleg vil ein mogeleg kritikk frå ap-folk bli lavmælt når ap-ordføraren er ein av dei som har laga analysa. Dersom Refstie var ansatt i kommunen, ville han ha vorte ugild.

Ordførar Refstie er i kommunen si organisasjonsplan ført opp som beredskapsleiar. Han har som politikar, ikkje noko i kommunedirektøren sin organisasjon å gjere.

Kommunelova som kom i 2018, legg opp til eit tydeleg skille mellom politikk og administrasjon. Kommunedirektøren leiar den samla kommunale administrasjonen og er ansvarleg for kommunen sitt beredskapsarbeid.

Politikarane i kommunestyret vedtek ramma og måla for det kommunen og kommunedirektøren skal gjere.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Erling Rød

Sunndalsøra, 15.2.2024