«Da æ va liten unge og låg i lita seng, så vesst æ ingen verdens ting om fattigdom og peng», syng Vømmøl. No veit eg rett nok ein del om fattigdom og pengar, men ein ting har Vømmøl rett i: «Det er itj nå som kjæm tå c sjøl»! Det at vi har ferjer som går, bussar på vegane, desentraliserte tannhelseklinikkar og vidaregåande skular også i distrikta, er eit resultat av politiske val som folkevalde i fylkestinget har teke dei siste åra. Å stå i mot høgresida sin ideologiske og uimotståelege trong til å leggje ned tilbod og tenester for folk på bygda er absolutt ikkje sjølvsagt. Gjennom dei siste åra har Senterpartiet likevel klart å i stor grad satse på distrikta, sjølv om det også har vore tronge budsjett på vår vakt.

I haust var det val, og no ser det politiske fleirtalet annleis ut. Posisjonen ved Høgre og FRP, og støttehjula Venstre og KRF gjekk i dag inn for massive kutt, særleg innanfor utdanning i budsjettet for 2024.

Lærarar, elevar og utdanningsforbundet er bekymra for kva kutt på kring 75 millionar kutt i vidaregåande opplæring vil føre til. Utdanningsforbundet forventar stopp i innkjøp av til dømes læremiddel, færre programfag på studiespesialisering, samanslåing av yrkesfagklassar i fellesfag og stengde kantiner og bibliotek. Kutta er udemokratiske og i praksis gir politikarane i Høgre og FRP byråkratiet makta til å velje ut kvar det skal kuttast. Likevel er ein ting sikkert: Dette kjem til å gå utover elevane og ungdommane i fylket.

Eg fryktar også at det i forlenginga av dette budsjettet vil kunne føre til nedlegging av skular, der særleg dei minste skulane våre i Stranda og Tingvoll er mest trua. Frp og Høgre garanterer nemleg ikkje for distriktsskulane. Det hjelper heller ikkje å ha vidaregåande skular på bygda dersom ein barberer vekk alt av tilbod, slik som posisjonen legg opp til.

Senterpartiet ynskjer å ha gode tenester nær folk i heile Møre og Romsdal. Det fordrar at vi sikrar gode vidaregåande skular, og helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og dyktige lærarar. Senterpartiet har også føreslått 1 millionar kroner til auka bortebuarstipend i vårt alternative budsjett. Det å satse på distrikta er ikkje bakstreversk, men tvert om framtidsretta. For kven skal bygge hus og vegar i framtida? Kven skal ta vare på oss når vi blir gamle? Og ikkje minst: Kven skal produsere maten vår og sikre beredskapen vår? Mykje av verdiskapinga i fylket vårt skjer i distrikta. Mykje av folket vårt bur i distrikta. Møre og Romsdal er eit distriktsfylke. Då treng vi desentraliserte skular i heile fylket.

Det «Itj nå» som kjem av seg sjølv. Ei heller god distriktspolitikk. Det ser ein ikkje mykje av i budsjettet til Høgre og Frp.

Dordi Boksasp Lerum

Fylkestingsrepresentant for Senterpartiet