Det er ikkje slik at ei løgn blir meir sann til oftare du gjentek den. Dette er openbart ein taktikk fylkestingsrepresentant Dordi Boksasp Lerum driv med på inn og utpust. Eg vil anbefale Dordi å faktisk lese om våre forslag før ho uttalar seg slik, for det som kjem no heng ikkje på greip!

Fleirtalet i fylket har måtte kutte 89 millionar kroner i budsjettet til fylket, etter at SP i praksis vart levert frå finansministeren frå SP, og regjeringa i statsbudsjettet for 2024. Fylkeskommunedirektøren har klart slått fast at Møre og Romsdal fylke får realnedgang i rammeoverføringar i 2024 på 1 %, noko som i praksis betyr fleire hundre mill kr i tap. Dette er SP sin distriktspolitikk i praksis!

Fleirtalet har klart og tydeleg, både skriftleg og i fylkestinget slått fast at rasjonaliseringa ikkje skal gå ut over tjenesteproduksjonen, noko fylkesutvalget igjen slo fast seinast sist mandag. At Dordi Lerum verken bruker augene eller øyrene er åpenbart, då ho verken klarer å sjå, og lese kva som står i budsjettet, eller få med seg det som skjer i møta.

I eit budsjett på ca 7 milliard kr, klarer ein relativt lett å rasjonalisere 1,7% i kutt av vanvittige prosjekt som SP har oppretta, slik som til dømes «byen som regional motor» til fleire titals million kroner.

SP har sidan 2019 kutta brutalt i skule, det er fakta, medan FrP kvart eit ei år har kjempa for både linjene og pengane til skuledrifta. Under valkampen i 2019 sto SP å lova at ingen skular skulle leggjast ned. Det første dei gjorde når dei kom til makta var å leggje ned Vanylven VGS.

Til og med bøndene riv seg i håret over SP sin vanvittige politikk som sender bøndene omtrent frå gard og grunn med SP sinn skatte- og avgiftspolitikk som sender også landbruket i kneståande.

Nei, ei blank løgn blir ikkje meir sann om du gjentek dette gong etter gong Dordi, du burde lære deg dette og snakke sant.

FrP har ingen planer om å kutte i skuledrifta, dette må fylkeskommunedirektøren berre levere på.

Fylkestingsrepresentant FrP

Joakim Myklebost Tangen