«Prioritering av Nasjonal transportplan må brukast til fornuftige og viktige vegprosjekt her i fylket, og Møreaksen må såleis skrotast.

Statens vegvesen har grundig bevist korleis dei ynskjer å bruke tildelt styringsramme for kommande NTP her i fylket.

Laaangt ned på prioriteringslisten, 8-10 år ute i planen skulle altså Statens vegvesen bruke over 26 milliard kr på Møreaksen, fjordkryssing over Romsdalsfjorden og på Molde.

Over 26 MILLIARD kr,,,!

Det aller meste av andre vegprosjekt her i fylket er stroke ut av NTP dei neste 12 åra av Statens vegvesen her i fylket.

-E-136 frå Ålesund til Vestnes foreslått heilt ut av planen.

- E39 Veibust-Blindheim - Moa heilt ute av planen.

-E-39 forbi Batnfjorden med låg ramme med veg i dagen og rasering av landbruksareal.

-RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger foreslått heilt ut av planen.

Og, resten av samferdselsfylket er godt gløymt ned i Statens vegvesenskuffa.

Planramma på over 26 milliard kr til Møreaksen, ynskjer altså FrP og eit stort fleirtal av både innbyggjarar og næringsliv i heile fylket,  nytta til mengder med andre viktige vegprosjekt.

Det ER SLIK, at prioriterar ein andre prosjekt også mindre prosjekt, så forsvinner ikkje denne planleggingsramma til andre stader i landet.

Det er mengder med prosjekt her i fylket som dersom Statens vegvesen og Nye Veier as hadde fått marsjordre på, kunne blitt prosjektert og oppstarta i mange år før til dømes «galskapens prosjekt» Møreaksen.

«Dette er slik verden fungerar, sjølv om nokon sjølvoppnevnte expertar som aldri har jobba med store vegprosjekt, hevdar noko anna»

Både E-136 frå Ålesund til Vestnes, E-39 Veibust-Moa, kan overførast til Nye Veier as, og bør absolutt skje. Det same ang det totalt gryteklare prosjektet ny RV 15 over Strynefjellet, eit lite og oversiktleg tunellprosjekt, som i realiteten kan setjast igang svært raskt.

Nye Veier as har bevist styringsfart og handlekraft.

« Statens vegvesen har bevist sin uvilje overfor fylkets viktigaste vegprosjekt i svært mange tiår, og bør belønnast med å fint og pyntelig bli geleida ut av desse vegprosjekta»

RV 70 er også ein viktig veg med fleire kritiske bruer og vanskelege områder frå Sunndal til Oppdal, som raskt kunne blitt prioritert, prosjektert og bygd. Det same gjelder Voldatunellen.

Dette og meir til er det vi raskt har NTP ramme til  å nytte på viktige vegar her i fylket, dersom Møreaksen blir stoppa.

Utan at det skjer vil det blir  totalstopp på andre viktige vegprosjekt her i fylket i tiår på tiår.

Og til slutt,

- kvar på Statens vegvesen sine prioriteringslisten finnast alle desse andre viktige vegprosjekt her i fylket utanom Møreaksen?

Svaret på dette er lett,

-dei eksisterer ikkje i Statens vegvesen sine reelle planar og rammer dei neste 12 åra i ny Nasjonal transportplan.

Mvh

Frank Sve

1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant for FrP.