Kommunestyret i Sunndal vedtok i sak 53/23 ei revidert forskrift om dei folkevalde si godtgjering. Godtgjeringa kjem i tillegg til dekking av tapt arbeidsløn. For to av politikarane vart den nye forskrifta etter mitt syn altfor god. Eg trur ikkje heile kommunestyret skjøna kva dei gjorde då dei gav leiarane i utval som har fast godtgjering, eit lønspålegg på 81%. Den økonomiske konsekvensen av vedtaket kom ikkje fram i saka. Det er i strid med kommunen sitt reglement for folkevalde organ.

Modellen for godtgjeringa er grei og bygd på folketrygda sitt grunnbeløp, G. 1 G er i dag 118 620 kr. Ordføraren får 9 G som er 1 067 580 kr/år, og er godtgjering for alle kommunale verv og møter. (Då grunnbeløpet steig med 6,4% i mai, fekk ordføraren fekk eit lønspålegg på vel 64 000 kr). Verv i gruppe 1 som er utval med hyppige møter, blir godtgjort med 0,18% av ordførarløna = 1922 kr/møte. I tillegg får leiaren av utvalet fast 3,9% av ordførarløna = 41 636 kr/år. Verv i gruppe 2 som er utval med få møter, blir godtgjort med 0,14% av ordførarløna, 1441 kr/møte. Her får leiaren av utvalet 0,36% av ordførarløna, 3483 kr/møte.

Den såkalla kommunestyrekomiteen vedtok 21. august i fjor, før valet, eit forslag til ny politikargodtgjering. Forslaget var ein del av innstillinga til sak 53/23 i desember. Kommunestyrekomiteen besto av Ståle Refstie (Ap), Lusie Gjersvoll (Ap), Erling Outzen (SV), Jørgen Inge Singsdal (Sp), Asbjørn Tronsgård (H) og Maja Solli (V). Etter forslag frå Arbeidarpartiet vart satsar som er mykje høgare for leiarar i utval i gruppe 1, einstemmig vedteke. Dei fire som er med i det nye kommunestyret, Refstie, Gjersvoll, Singsdal og Trondgård, stemte då mot det dei sjøl hadde vedteke i kommunestyrekomiteen. Einkvan hadde gjort eit «godt politisk arbeid» før kommunestyremøtet.

Kommunestyrekomiteen foreslo og at administrasjonsutvalet skulle vere eit utval i gruppe 2, men det ville ikkje Arbeidarpartiet. Utvalet vart i gruppe 1, med fast årleg godtgjering til leiaren. Utvalet har årleg om lag fire møter som varer to-tre timar. Årleg godtgjering til leiaren blir då; fastgodtgjering 41 636 kr + 4*1 922 kr = 49 322 kr, eller 12 330 kr/møte. Administrasjonsutvalet si godtgjeing vil i denne valperioden koste 290 000 kr. Det kunne ha kosta 131 000 kr som er 159 000 kr mindre. I Molde kommune er adminstrasjonsutvalet lagt i gruppe 2.

Sunndal kommune har god råd. Når det går til ei god sak, er vel det greit?

Fjellstyret blir vald av kommunestyret, og det er kommunestyret som bestemmer kor stor godtgjeringa til styret skal vere. Fjellstyret er ikkje lagt under kommunestyret og styrer seg sjøl. I forrige valperiode hadde kommunestyret vedteke at styret skulle ha godgjering som eit utval i gruppe 2. Leiaren har likevel fått fast godtgjering som i gruppe 1. Dei siste fire åra har han fått om lag 50 000 kr meir enn det kommunestyret hadde vedteke.

Denne gongen vedtok kommunestyret at leiaren i fjellstyret skulle ha fast godtgjering som i gruppe 1, og heile fjellstyret skulle ha som gruppe 2 pr møte. Fjellstyret som har fast tilsett sekretær, hadde siste periode 14 møter på om lag to timar. Det bli 3,5 møter årleg. Årleg godtgjering til leiaren blir 41 636 kr + 3,5 * 3 843kr = 55 087 kr, eller 17 739 kr/møte. I denne valperioden kunne styregodtgjeringa ha vore 4 * 41636 kr = 167 000 kr lavare enn det som vart bestemt. I Eresfjord og Vistdal Fjellstyre har ikkje leiaren slik spesialgodtgjering. Leiaren bør betale attende det han, i strid med kommunestyrevedtak, har fått for mykje dei seinare åra. Det halve av festeavgifta i Torbudalen går til fjellstyret. Politikarane i Sunndal skal ha ei rimeleg godtgjering, men det er likevel grenser. I kommunestyremøtet 13. desember 2023 og gjekk det over grensene for 2 verv. Sunndalsøra 2024-01-01

Erling Rød