Gjenbruk har vorte populært etter kvart som vi ser at vi har for stort forbruk på denne jorda. Surnadal Gjenbruksbutikk gir dessutan inntekta til internasjonalt utviklingsarbeid gjennom organisasjonen Det Norske Misjonsselskap (NMS) som i 180 år har hatt organisert helse-,skule- og utviklingsarbeid i mange land.

Butikken ligg sentralt til på Skei og er betent av omlag ti glade, frivillige og uløna kvinner og menn. Da vi stakk innom rett etter jul, var Kirsti og Gudrun i full gang med å pakka ned julesakene og å ordna nye utstillingar. Det var fortsatt rikeleg med fine og nyttige ting, ikkje berre koppar og kar og pyntesaker, men bøker, brettspel, klede og sportsutstyr, og på låven hos Kirsti er det også møblar og større artiklar.

Spesielt for NMS sine gjenbruksbutikkar er det store og fine utvalet av lys  som er laga av innsamla lysstumpar frå store deler av landet, ikkje minst frå kyrkjene. Desse blir smelta om og støypte eller dyppa til alle slags lys i fleire farger. Dette skjer på Knausen lysstøyperi på Melhus i Trøndelag ved heilt uløna frivillige arbeidarar, så all inntekt går til NMS. Ikkje kast lysstumpar, men lever dei til gjenbruksbutikken, som gir dei vidare.

Dei trufaste arbeidarane, som har halde på i omlag 25 år, ønskjer at fleire stikk innom for å finna seg ein rimeleg godbit. Her kan du koma over dei mest utrulege ting, som andre ikkje har bruk for lenger, men som kan vera like gode til nye brukarar.

Einy Rendal Elgsæther