Driva skriv 15. februar; « Kommunestyret i Surnadal har utnevnt to medlemmer som skal sitte i styret i Surnadal Fotballhall AS».

Direktør Haugen foreslo at økonomisjefen hans kunne bli styremedlem, og Lars Kvande foreslo partifelle og varaordførar Pedersen. Begge vart «valde» einstemmig av kommunestyret.

Det er generalforsamlinga som vel styret i eit aksjeselskap, ikkje kommunestyret. Kommunestyret vel kven som skal ivareta kommunen i generalforsamlinga. Vedkommande er enno ikkje vald.

Kommunestyret kan foreslå styremedlem og instruere sin representant(ar) i generalforsamlinga.

KS har laga «Anbefalinger om eierskap, selskapsledelse og kontroll», som direktøren, ordføraren og andre bør lese

https://www.ks.no/globalassets/fagomrader/for-deg-som-folkevalgt/AnbefalingerEierskap2020.PDF

I tilråding 9 om styre skriv KS;

«Styreverv i selskaper er et personlig verv. Medlemmer av styrer representerer bare seg selv, ikke noen av eierne, og skal ivareta selskapets interesser til det beste for alle eierne»

Kommunen styrer gjennom eigarorganet, generalforsamlinga. Her bør det vere sentrale politikarar.

KS skriv og i samme tilråding, at det er uklokt at leiande politikarar og leiande tilsette i kommunen går inn i styra for aksjeselskap. Det blir då ofte tillitsforfall  og inhabilitet.

Her skal det organiserast eit aksjeselskap som skal finansierast med offentlige pæng. Det blir garantert problem, spørsmål om meir pæng og endring i planer.

Økonomisjefen og alle medarbeidarane hans blir inhabile. Kven skal då greie ut om kommunale pæng?

Sp-ar Pedersen er varaordførar, sit i kommunestyret og formannskapet. Han kan heller ikkje ta del i pængpraten og plansaker som angår selskapet.

Det finnst mange andre flinke surnadalingar enn dei vart «valde», som kan gå inn i styret. Generalforsamlinga bør velje av dei andre. Selskapet og eigarane vil tene på det.

Det skal vere ryddigheit i politikk og forvalting.

Erling Rød