Kva er nordmørskultur? Når kom den? Kva er utgangspunktet: geografi og klima, folkelynne eller språk? Er det enkeltpersonar som har vore så dominerande at dei har fått prege kulturen?

Når Nordmøre Mållag hadde haustseminar for rundt 20 personar på Tingvoll 11/11-23, var Nordmørskulturen det overordna omgrepet. Jan Kruse heldt opningsinnlegget, med ei interessant orientering om Kulisteinen, det første norske «dokumentet» som både signaliserer noko om tida og om kristendommen. Både med kart og med kjelder frå Vesterhavsøyane fekk vi ei solid orientering om kor viktig Kulisteinen og Kuli og Edøy må ha vore i etableringa av den norske statsdanninga mellom 950 og 1030-talet Og Kruse meinte steinen gjennom det som er skrive signaliserte avgrensingar språkleg og kulturelt mot austnorsk– men fortalde samtidig at steinen hadde blitt frakta til Kuli, truleg frå Aure eller Tustna.

Nordmørskulturen i dag er prega av innbyggarar frå andre delar av landet, og frå utlandet. Lone Eines og Igor Melanyuk illustrerte dette med eit fint dikt- og musikkinnslag, før Astrid A. Aubert og Ståle Gammelsæter orienterte om årets «Du mitt Nordmøre». I denne årboka, som snart har kome ut årleg i 60 år, får vi eit mangslungent innblikk i Nordmørskulturen. Redaksjonen har ambisjon om at alle delar av Nordmøre skal vere representert blant bidragsytarane, samtidig som det blir arbeidd aktivt for at skribentane skal representere ulike aldersgrupper.  Og her finn vi dei anten som bidragsytarar eller portretterte personar, som t.d. Hans Hyldbakk, Karen Dorothea Follestad og Asbjørn Aarnes, eller vi får omtale av skomakarmuseet i Halsa og tradisjonell sauesanking i Vindøldalen. Og når ungdom erklærer at «Nynorsk er gauvast!» eller blir ivrige lesarar av det nynorske «Norsk Barneblad» - ligg tilhøva kanskje til rette for at fleire finn ut at nynorsk er eit naturleg språk både å lese og skrive for dei som har talemålsgrunnlaget sitt på Nordmøre!?

Eivind Hasle