Den lokale valkampen går mot slutten. I kommunen vår har vi ikkje dei store forskjellane mellom partia. Vi er i det meste einige om kva som er viktige saker framover.

Kva bør då vere avgjerande for valet ditt i år?

Her er to spørsmål du kan stille deg:

1.       Kven trur du vil vere dei beste til å sikre ein god vekst for kommunen vår på lengre sikt? Ikkje berre dei nære behova i dag, men som kan sikre økonomi og stabil vekst for Surnadal i mange år framover? Stem på dei personane du trur kan greie denne oppgåva best.

2.       Kven vil vere den beste arbeidsgjevaren for dei knappe tusen personane som i større eller mindre grad arbeider i kommunen. Kommunen er ein stor og viktig arbeidsplass. Og har eit svært samansett og komplisert oppgåvefelt. Kommunen har ansvar for mykje og er borti blanda det meste som skjer i livet ditt frå vogge til grav.

Kommunestyret har arbeidsgjevaransvaret for alle dei ulike arbeidstakargruppene i kommunen. Stem derfor inn dei kandidatane du trur kan ta på seg dette store ansvaret på ein god måte. Og som på best måte kan sikre faglig utvikling for tenestene våre.

Vi i Surnadal Høgre er klar for å ta på oss dette ansvaret på vegne av deg som sambygding.

Ditt bidrag vil i første rekke vere å gi oss di stemme ved valet. Bruk stemmeretten din, og gi oss di meining.

Trond Håskjold

Surnadal Høgre