Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Molde kommune er einige om at ein ikkje kan legge opp til ein teknisk saksbehandlingsfeil og avsluttar sak om endring av reguleringsplan Bergmesteren Raudsand.

Molde kommunestyre vedtok å endre planbestemmingane i fjor haust, men ville ikkje samordne med Sunndal, Tingvoll, Gjemnes eller Møre og Romsdal Fylke

Statsforvaltaren har sagt stopp då dei foreslåtte endringane var så vesentlege at dei eventuelt må skje i ein ny reguleringsplan.

Vi huskar alle alt styret med hemmelege møter med meire før kommunalminister Astrup frå Høgre kunngjorde 6. mars 2020:

«Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjente fredag reguleringsplanen for Bergmesteren Raudsand i Molde kommune.

Reguleringsplan for Bergmesteren Raudsand ble vedtatt av tidligere Nesset kommune i november 2018. Møre og Romsdal fylkeskommune og kommunene Gjemnes, Tingvoll og Sunndal fremmet innsigelser til planen.»

Alt vi ba om i Raudsand saken var ein ny reguleringsplan slik at alle innbyggarane i Molde skulle få være med å bestemme og vi skulle få eit felles faktagrunnlag.

Det fekk vi ikkje og det som fleirtalet av partia i Molde legg opp til no er å endre instruks vedtatt av kommunestyret to gonger.

SV fekk berre sin eigen stemme i teknisk styre då eg foreslo at vi tek til etterretning at vi ikkje kan legge opp til teknisk saksbehandlingsfeil og at kommunestyrets vedtak om korleis vi saksbehandle saker om Raudsand oppretthaldast.

Mest merkeleg ar det at dei andre partia stemte i mot forslaget om at vi skal få ein ny reguleringsplan som vil skape forutsigbarheit og ro Sunndalsfjorden rundt.

Men nye rundar kjem i formannskapet og kommunestyret som bestemmer til slutt.

Bjørn Jacobsen,

kommunestyrerepresentant SV