Veit du at det er du som bestemmer kven som skal sitje i kommunestyret dei neste fire åra? Som veljar har du makt til å direkte påverke personsamansetninga av kommunestyret i din heimkommune.

Det er talet på partistemmer partia får som avgjer kor mange representantar kvart parti får i kommunestyret, og innanfor kvart parti er det talet på personstemmer som avgjer kven som blir kommunestyrerepresentantar.

Kven meiner du vil gjere den beste jobben for sakene du er opptatt av, eller for bygda, av kandidatane som stiller til val? Om du har særleg tru på nokon, så gi dei ei personstemme og ver med på å gi dei ein plass i kommunestyret!

Slik gjer du det

1. I stemmelokalet vel du stemmesetelen til partiet du ønskjer å stemme på.

2. Set eit kryss i ruta ved sidan av namnet til kvar kandidat du vil gi ei personstemme til. Du kan gi personstemmer til så mange kandidatar du vil.

3. Du kan også gi ei personstemme til kandidatar frå andre parti ved å føre dei på som «slengarar» i eit eige felt på stemmesetelen.

4. Les gjerne rettleiinga på baksida av stemmesetelen. Ikkje gjer andre endringar på stemmesetelen enn dei nemnt i punkt 2 og 3 over, for da blir stemma di ugyldig.

Dei fleste partia vel å førehandskumulere ein eller fleire kandidatar på toppen av lista si. Namna på desse kandidatane står i utheva skrift på stemmesetelen, og dei får eit stemmetillegg på 25 prosent av talet på partistemmer partiet deira får. Namna som følgjer etter desse er i praksis på delt sisteplass på lista, og det er personstemmene som avgjer den endelege rekkjefølgja på kandidatane.

Valet er ditt. Bruk stemmeretten din og kryss favorittane dine inn i kommunestyret!

Jorid Aarvåg

Listekandidat for Arbeiderpartiet i Surnadal