Vi i Møre og Romsdal har all grunn til å vere stolt av den gode jobben som blir gjort i den vidaregåande skulen, eg vil takke alle tilsette i skulen og elevane for den gode jobben dei gjer! Vi skal fortsette satsing på vidaregåande skule, og jobbe på vidare for at vi skal ha dei beste skulane i landet.

Møre og Romsdal ligg heilt på toppen når det gjeld gjennomføring av vidaregåande skule. Dette er heilt fantastisk, og dette skal vi fortsette med!

Dei store meirforbruka på skule vi ser no i dag er takka vere SP og AP som kutta grovt i løyvingane til skule når dei styrte fylket dei siste 12 åra. Vi må no ta oppvasken etter dei. Det er tøffe prioriteingar i års som kjem, men vi i FrP har vore tydelege på at dette ikkje skal gå ut over elevane i fylket.

Det blir heilt feil framstilt frå AP som påstår at vi prioriterer asfalt over vidaregånde skule. Det er mogleg å ha to tanker i hovudet på same tid. Den høge prisauka og dei skyhøge skattane frå Støre og co, sender folk og næringsliv i kneståande. Vi må gjere det som trengs for at ikkje dei ikkje skal lide meir.

Av Joakim Myklebost Tangen, fylkestingsrepresentant FrP