Irene Vaagan og Einy Elgsæther har nyleg kommentert kyrkja sin plass i samfunnet. Eg føyer til litt.

Dei døypte eig kyrkjene

Først: Det er folket (les: dei døypte i sokna) som eig kyrkjene. Sokneråda er folkevalde styringsorgan med juridisk mandat og vedtek lokale planer for aktivitetene.

Sokneråda delegerer ein del viktige oppgåver til det kyrkjelege fellesrådet. Kyrkjeverja ser til at råda sine vedtak blir følgde opp.

Kommunen er altså ikkje eigar eller styringsorgan, men har økonomisk ansvar i drifta av lokalkyrkja. Statsstøtta til dette vart i 2023 auka med 51 mill kr.

Blir kyrkjene bruka?

I ei tid da alt blir mælt i sekund, centimeter og «liker-klikk», ropar somme om å stenge, selje eller rive kyrkjer «fordi dei ikkje blir bruka». Vent litt - her spørst det om korleis ein reknar! (Sjå statistikk lenger nede.)

Tomme kyrkjebenkar er trist, sjøl om Bibelen seier at om kun «to eller tre er samla» i hans namn, er Herren midt iblant dei. Nedgang (til 4,2 millionar gudstenestedeltakarar) i 2022 skuldast mykje pandemien, men er også ein tendens. Og sjølv om tal frå jula 2023 viser oppgang frå åra før, er det alltid plass til fleire på gudsteneste!

Langt meir enn på fotball

Statistikk (frå nokre år tilbake) viser i snitt 100.000 på gudsteneste kvar helg året rundt. Det er meir enn det dobbelte av publikum på norske fotballkampar i Eliteserien, Obos-ligaen og alle lågare divisjonar samla. (Viser media dette?)

Attåt dette har kyrkjene frammøte til andre gudstenester, musikk, gravferder, andre kyrkjelege handlingar, barnekveldar og ungdomstiltak. Dei er også arena for stor kulturaktivitet med unge og vaksne.

Ei særleg rolle spelar kyrkjerommet når ulykker og tragediar oppstår - som i det siste. Da betyr det mykje å ha eit sakralt rom for stillhet, lystenning og fellesskap.

Eigarskapskap og innsats

Som soknerådsmedlem og organist har eg sett utslag av kva kyrkja betyr for eigarane: Dugnader med måling og rydding, gåver og innsamlingar til så vel nødhjelp og veldedighet som til instrument, inventar og utstyr.

Og eg nemner spesielt det minste soknet vårt – Todalen. Medan 9 prosent på landsbasis deltok i haustens kyrkjevalg, var oppslutninga 47 prosent i Todalen! I det siste har gudstenestebesøket også stige betydeleg - delvis takka vere appell (på bua og i bygda) om å vise at «vi vil bruke kyrkja vår»!

På grunn av dette er Todalen lagt merke til i heile kyrkje-Norge. Og preses-biskop Olav Fykse Tveit vil komande veke besøkje bygda.

Ingen må få rasere

Fleire mindre sokn (Åsskard o.a) har tal langt over snittet. Da er det rart å høre ymting om å sentrali-sere (les: slå saman, i praksis legge ned) småsokna. For det kan verken lokalpolitikarar eller synsarar avgjera. Som nemnt: Vi har lokalt kyrkjedemokrati - der soknerådet er folket sitt styringsorgan.

Om fjerning og samanslåing seier eg med all mi kraft etter 50 års aktivitet på området: - Sikrare måte å rasere levande kyrkjelydar på, finst ikkje! Og større urett mot trufaste kyrkjeeigarar og kyrkjebrukarar i bygdene kan ikkje tenkjast!

Av Bernt Bøe