Det diskuterast om det er for mange eller for få jervar i fjella søraust i Møre og Romsdal. Kva er sanninga?

Det er den sørvestlege delbestanden av jerv det er tale om. Etterkommarane etter dei få jervane som ikkje blei utrydda i Noreg i førre århundret. Dei lever no i det som blir nemnt som forvaltingsområdet for jerv. Slike område er det både i Møre og Romsdal og i det som ein gong var Oppland. Då rovviltnemndene skulle ordne landet slik at det blei plass både til beitedyr og rovdyr, blei det delt inn i beiteprioritert område og forvaltingsområde for jerv. Prioritert beiteområde er der sauen skal beite, og der det ikkje er aksept for anna enn streifdyr av rovdyr. Forvaltingsområdet er areal der jerv får lov å vere jerv, og eventuelle beitedyr må godta at dei er der på rovviltet sine premiss.

I dei austre delane av Stranda, Fjord, Rauma, Molde og Sunndal ligg forvaltingsområdet. Der skal det etter forvaltingsplanen vere ca. 20 jerv, eller 3 årlege ynglingar. I Trøndelag skal dei 7 siste av dei totalt 10 ynglingane i region 6 halde seg, om alt er som rovviltforvaltinga legg opp til. Slik har det vore frå 2013, då Trollheimen gjekk ut av forvaltingsområdet. Det er ikkje mange åra det har vore så mange som 3 jervynglingar i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal. Endå sjeldnare har det vore meir. Siste året var det to ynglingar, altså ei yngling mindre enn målet. Når ein bruker DNA for å halde rekneskap, så er det heller ikkje teikn til at ein ligg over fastsett mål.

I denne situasjonen klagar rovviltnemnda over at dei ikkje får lov å jakte jerv i forvaltingsområdet i Møre og Romsdal. Naturvernforbundet har klaga og fått medhald av departementet på at ein ikkje skal jakte jerv når bestanden er mindre enn målet.

Hans Martin Gjedrem klagar seg til Nrk at det er for mange jerv. I region 6 er det fleire enn målet seier, men det er ikkje det same som at det er for mange jerv i Valldal. Ser ein nærare etter, er det i Nord-Trøndelag at ein har ein bestand større enn forvaltinga sitt mål. Dei som meiner det er for mange må i det minste jakte der ein ligg over målsettinga.

Rovviltnemnda klagar også. Dei har plikt til å forvalte så bestanden blir så nær forvaltingsmålet som mogleg. Dei har følgjeleg som oppgåve å ordne så det blir nokre fleire jerv i fjella aust i Møre og Romsdal. Når dei seier at det må skytast fleire jervar, så fører det berre til at folk blir lura til å tru at det er for mykje jerv. Når det ikkje er tilfelle, aukar konfliktnivået.

Rovdata gjev kvart år ut rapportar om bestandstorleiken. Når ein ser registreringane for dei siste tre åra i Møre og Romsdal, så kan ein sjå at bestanden har gått betydeleg ned frå 2021 til 2022 og 2023.

Det er ikkje særleg pent gjort å rote med fakta om jervbestanden for så å krevje livet av jerven.

Øystein Folden

Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal