Dette er tittelen på ei bok som nettopp har komme ut. Einar Oterholm er forfattar, og han har sjølv gjeve ut boka – på eige initiativ – på «Einar Forlag», men prosjektet er støtta av Heim kommune ved Halsa sokneråd og Nordmøre Historielag ved Jan H. Leithes Minnefond.

Halsa kyrkje er spesiell. Dette er den eldste av dei to gamle korskyrkjene som står att på Nordmøre, og ho har særdrag som gjer henne både kyrkjehistorisk og kulturhistorisk verdifull. Kyrkja på Halsa er som eit «tidsvitne» for dei mange korskyrkjene som ein gong stod på Nordmøre, t.d. Stangvik, Ranes, Øksendal, Sunndal og Kristiansund, men som no er borte. Korskyrkja på Bremsnes er nesten 50 år yngre, og Aure kyrkje vart bygd heile 200 år etter Halsa.

La det vere sagt med ein gong: Einar Oterholm har gjort eit grundig arbeid. Boka, som er full av fakta, er i A4-format. Sidene har to spalter, og det gir han godt høve til å bruke både store og små bilde til å illustrere teksta.

Som venta startar jubileumsboka med eit nyttig attersyn. Først kjem det noko om gamle sokneinndelingar og så dei eldre kyrkjene på staden. Det er relativt få kjelder frå bygginga av jubileumskyrkja, men 1724 blir rekna som byggeåret, sjølv om mykje av innreiingsarbeidet nok stod att. Den flotte, tidstypiske altertavla er datert 1732, men romsdalingen Peder Knutsen Kjørsvik hadde mange altertavler under arbeid i desse åra. Halsa-tavla er kanskje mellom dei beste.

1720-åra var turbulente år i landet vårt, så «kyrkjeeigarane» har eit eige kapittel i boka. I tillegg til å skrive om den enkelte eigaren har Oterholm her laga eit skjema som viser korleis eigartilhøva veksla frå 1722 då kyrkja var krongods, til folket i Halsa sokn vart eigarar i 1860.

«Halsa kyrkje 300 år» Foto: Bjørn Austigard frå boka

Når eitt og same kyrkjebygg har stått på same staden i 300 år, så må det ha vore godt vedlikehald gjennom åra. Dette er noko Oterhals går systematisk gjennom, og han kombinerer dette med tilbakeblikk på korleis det ein gong var og korleis det vart etterpå. Her er gamle bilde svært nyttige. Det er over 220 fotografi og andre illustrasjonar av alt muleg frå både inne og ute, og i tillegg 30-40 portrett av folk som på ein eller annan måte har gjort teneste i kyrkja.

For ein museumsmann som meg, som likar å vite kven som har laga ting, når det fekk plass i kyrkja, kva funksjon det har/hadde, er dette ei bok etter min smak. Dei korte, nøkterne opplysningane med tilhøyrande bilde gjer boka til eit framifrå oppslagsverk for notid og ettertid. Eg har også stor sans for dei detaljane ein finn om kyrkjelege handlingar og tradisjonar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Skikkane her har nok endra seg meir enn det folk trur.

Etter å ha lese absolutt heile boka, sit eg att med ei svært god kjensle inni meg, og ein takk til Einar Oterholm for eit stort og vellykka arbeid.

Bjørn Austigard