Indre Nordmøre er eit naturleg område for nært samarbeid mellom kommunar, bedrifter og folk. Vegsambandet er greitt, og har blitt betre i løpet av åra. Men skal indre Nordmøre kunne fungere optimalt som ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion er snarleg gjennomføring av Todalsfjordprosjektet veldig viktig. Arbeidet med ferjefri kryssing mellom dei tre kommunane på indre Nordmøre må komme igang snarast og ikkje bli forseinka.

Områda på begge sider av Todalsfjorden kan bli framtidige vekstområde når Todalsfjordsambandet er på plass. Det gjeld i Sunndal kommune særleg kretsane Ålvundfjord og Ålvundeid. Dei som bur eller busett seg der, kan da lett arbeide både i Sunndal og i Surnadal. Dette kan til dømes vere viktig for eit par, der den eine får jobb i Sunndal og den andre i Surnadal.

SV vil arbeide for realisering av prosjektet både i Sunndal kommunestyre og i fylkestinget. I valprogrammet til Sunndal SV heiter det: «Sunndal SV vil arbeide for at Todalsfjordprosjektet blir realisert, da dette er viktig for samfunnsutviklinga på indre Nordmøre.» Og i fylkesvalprogrammet til Møre og Romsdal SV står det slik: «SV vil gå inn for å støtte Todalsfjordprosjektet, eit viktig samanbindingsprosjekt på indre Nordmøre.»

Både dei frå SV som blir valde inn i Sunndal kommunestyre og dei frå SV som blir valde inn på fylkestinget vil såleis gi full støtte til ei snarleg realisering av den ferjefrie fjordkryssinga mellom kommunane Sunndal, Tingvoll og Surnadal.

Erling Outzen

leiar i Sunndal SV