Kommunane har laga kommunale handlingsplanar for å forebygge, avdekke og hindre vald i nære relasjonar. Og Statsforvaltaren har laga ei oppsummering som er fyldig presentert i lokalpressa (jf TK 13/4-2023).

Her er mykje fornuftig sagt om samanhengar og særtrekk og om ulike tiltak – og om at vi alle kan bidra med sikte på gode oppvekstvilkår, godt hjelpeapparat og trygge lokalsamfunn.

Oppsummeringa har neppe hatt som mål å seie noko fullstendig om årsakene til valden. Personleg synest eg likevel det må vere nyttig å peike på enkeltfaktorar som både synest å ha tydeleg innverknad på valdsbruken i nære relasjonar – og som det er mogleg å gjere noko med. Det gjeld mellom anna rusmiddelbruk og kampen for å verne om dei rusfrie møtestadene og arrangementa for barn, ungdom og vaksne.

Men det synest for svært mange å vere ei klar vegring mot å omtale den sterke auken som har vore dei siste tiåra i bruken av rusmiddel, og at det nokså truleg er ein klar samanheng mellom vald og bruk av rusmiddel. Ein auke i gjennomsnittleg alkoholforbruk pr person over 15 år frå ca 3 liter rein alkohol rundt 1950 til ca 5 liter i 2000 og til 7,44 liter i 2021 er mest sannsynleg ein vesentleg faktor når ein skal forklare både valdsproblema og dei psykiske utfordringane i samfunnet. I tillegg til alkoholbruken kjem bruken av andre rusmiddel, som enkelte parti også arbeider for å gjere lettare tilgjengeleg.

Korkje enkeltpersonar, lokalsamfunn eller storsamfunnet er tent med at vi tar lett på dei utfordringane som heng saman med ein ukritisk tilgang på og bruk av rusmiddel.

Eivind Hasle 6650 Surnadal