Målaren på bensintanken var defekt, og dermed hadde HalsOil gått tom for bensin på pinseaften.

- Da vart det straks krisestemning, fortel Terje Nordvik som er innehavar.

Men det løyste seg ganske fort når han fikk snakka med Rune Mogstad som er dagleg leiar i Midt-Norsk Olje. Han lova å kjøre til Trondheim grytidleg 1. pinsedag, for å hente eit lass med drivstoff til HalsOil.  I 5-tida om morgonen var han på tur nordover, og rundt 12-tida på 1. pinsedag var både bensin og diesel – til saman 17.000 liter komne i tankane på HalsOils anlegg i Todalen.

- Her kan vi snakke om service, skryter Terje uhemma.

Rune Mogstad hadde egentlig teke pinseferie når telefonen frå Terje kom, men han tykte at han ville hjelpe til med dette.

- Dermed vart det trondheimstur i staden for hyttetur, fortel Rune.

Midt-Norsk Olje har i dag 9 tankbilar og 13-14 tilsette som jobbar med distribusjon av drivstoff rundt omkring i heile Midt-Norge. Firmaet har base i Røtet i Surnadal og har eige lager- og kontorbygg der 3 tilsette har sin arbeidsplass. Rune er dagleg leiar og eigar av selskapet, og seier sjølv at han egentlig er mest altmuligmann og reservesjåfør som kan steppe inn når det kniper.

Rune fortel at han starta alt i 1992, da han kjøpte ein gammel tankbil som han reparerte sammen med faren Leiv, og satte i gang med å frakte drivstoff – først og fremst til kundar i jordbruk, entreprenører og private kunder.

Les heile saka og meir om historia til Midt-Norsk Olje på todalen.no: Putt ein tiger på tanken....