Ida Jenshus er også aktuell med nytt album – «Two Worlds» som kom ut i fjor haust.

Eitt av spora på plata, «Greatest Love» har blitt til i samarbeid med countrylegenda JD Souther som blant anna er kjend for sitt samarbeid med Eagles og Linda Ronstadt.

Men ho er altså den einaste norske artisten som har fått tildelt Spelemannsprisen for alle sine tre første album – «Color Of The Sun» i 2008, «No Guarantees» i 2010 og «Someone To Love» i 2012 – og så er ho vel også første norske artist til å synge på engelsk på Kleiva.

Henning Sommerro nemner også dette og peikar på at Hans Hyldbakk faktisk kunne endt opp i Junaiten han òg, sidan søskena hans hadde fore over.

Vi fekk oppleve Ida Jenshus med band i Fosskonserten i 2013, og det var den same hausten ho blomstra som songwriter under ein tur til USA.

I 2015 kom ho ut med albumet "Starting over again" som si vane tru fekk gode kritikkar.

Kritikken for «Two Worlds» har variert frå «magisk» til at ho har «rota bort noko av nerven». Men vi ser òg at Ida Jenshus er ein svært populær artist som har fullt opp av konsertar over heile landet.

Ho vil nok gjere ein liten konsert berre med seg sjølv og gitaren Kleiva, men det er alltid spennande å sjå kva Henning og John Pål finn på i ein slik samanheng.

Vi kan ikkje sjå bort frå at det blir litt samspel på Kleivascena også i år.

I alle fall ser vi fram til litt lystig musikalsk programleiing ispedd litt rappkjefta diktlesing av John Pål Inderberg.

Vi får også gjensyn og gjenhøyr med forfattar og lyrikar Ove Røsbak – som blant anna er kjend som ekspert på Alf Prøysen.

– Ove passar veldig godt inn i Vårsøghelga – ikkje heilt innanfor A4-formatet, men vakse opp på landsbygda og med utprega dialekt. Han var forresten på Kleiva siste året Hans var til stades, fortel Sommerro.

Han minner om at det også blir Boksøg på laurdag med Røsbak og Svein Sæter.

På Kleiva møter vi elles tubavirtuos Øystein Baadsvik.

Tidlegare i helga skal han ha gjennomført eit todagars seminar med Surnadal Hornmusikk, og det får vi høyre resultatet av på Kleivakvelden.

– Det er jo korpsets år i år, og litt ekstra stas for oss å få trekkje fram hornmusikken i den samanhengen. Dei har jo vore trufast med oss i alle år, seier Henning.

Det seier sitt om at surnadalingane set pris på korpset sitt og det lokale musikklivet at dirigent Einar Sødergren vart tildelt Kleivaprisen i fjor.

Hans Hyldbakk var også glad i korps, og å gjere litt ekstra stas på hornmusikken ville ha vore heilt i hans ånd.

Karstein Mauset er frontfigur i Perikom, og han har sett melodi til ei rekkje dikt både av Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krogh Halse.

Han har vore gjest på Kleiva før, men i år stiller han med Perikom trio beståande av han sjølv, Jo Ranheim på gitarar og Ronny Kjøsen på keyboard og trekkspel.

Det ligg an til ein variert og publikumsvenleg Kleivakveld i år som tidlegare.

– Beste Kleivakvelden eg har vore på, har vorte tradisjonell kommentar frå publikum på tur ned frå Kleiva.

I år er det varsla gravøl for den gamle Kleivascena – igjen. Vi er spent på om det slår til denne gongen.