For å leite opp beitedyrkadaver, enten dei er drepne av rovdyr eller døde av anna årsaker, er hundenasen god å ha. Da trengst spesialtrena hundar.

Rovdyrproblematikken er noko av bakgrunnen til kadaversøkkurset som Sunndal beitelag tok initiativ til i byrjinga av juni.

– Vi heldt eit slikt kurs for deltakarar innan beitenæringa slik at vi tidlegast mogleg skal kunne finne kadaver i terrenget slik at Statens naturoppsyn kan få undersøke kadavera og påvise dødsårsak, seier leiar i Sunndal Beitelag, Kåre Langseth.

Ikkje minst har dette stor betydning i erstatningssamanheng, der krava om dokumentasjon blir stadig strengare.

– Ein må påvise kadaver og fastslå utover ein kvar tvil at dyret er drepe av rovdyr. For den som mistar mange dyr betyr dette ei stor økonomisk belastning, påpeikar Langseth. I så måte kan ein god kadaverhund bety mykje.

Viktig med lokalkunnskap

Beitelaget er takksam for økonomisk støtte til kurset frå Fylkesmannen. Håpet er at dei fleste ekvipasjane skal vere godkjente i løpet av sommaren, slik at ein kan få nytte av dei allereie i inneverande sesong.

– Vi ser stor nytteverdi i dette. Når det gjeld FKT-middel (Førebyggande- og konfliktdempande tiltak, beitedyr/rovdyr), er noko av dette øremerka ekstratilsyn, og i den forbindelse er det og eit uttrykt ønskje frå Fylkesmannen at det blir nytta kadaverhundar i slikt ekstraordinært tilsyn, fortel Langseth.

Problemet tidlegare, som og er ein av grunnane til at beitelaget tok initiativ til kurset, er at det per i dag ikkje finnast slike godkjente hundar på denne sida av Romsdalsfjorden.

– Den som søker med kadaverhund bør ha inngåande lokalkunnskap i det aktuelle beiteområdet. Tidlegare er det halde liknande kurs her for deltakarar utanfor næringa, men problemet da er at det har vore vanskeleg å få nokon til å stille når det har vore behov, seier han.

Første steg mot godkjenning

Kadaversøkkurset er eit grunnkurs som er første steg på vegen mot godkjenning av kadaverhund/ekvipasje. Kursarrangør er Norske kadaverhundar (NKH), ein organisasjon som skal utdanne og kurse ekvipasjar til å finne kadaver i utmark i beitesesongen.

Kurset i Sunndal vart arrangert i perioden 1.–4. juni og starta med ei teoriøkt på Trædal Hotell på fredagskvelden. Laurdag, søndag og måndag vart nytta til instruering av ekvipasjane og praktisk trening med hundane på eit utmarksområde i Litjdalen.

Fekk gode tips om eigentrening

Jostein Røyset, som er hundekontakt I Sunndal Sau og Geit, betraktar kurset som ein suksess. I likskap med Langseth var også Røyset med som deltakar.

– Fredag hadde vi teori, der vi lærte litt om korleis ein nyttar hunden til kadaversøk, samt å lære grunnleggande ferdigheiter på GPS for den som ikkje har dette i fingrane frå før. Laurdag, søndag og måndag var det praktisk trening med hundane. Instruktørane rakk å ta seg av 2 ekvipasjar per dag, fortel han.

Noko av det mest vesentlege under kurset var å sjå an hunden sin interesse for kadaverbitar som var lagt ut i felt, og vidare korleis hunden markerer at han har funne noko interessant. Hundeførarane fekk gode tips om korleis ein kan trene vidare på dette på eiga hand.

– For hundeførarane sin del så var det mellom anna evna til å bruke GPS det vart lagt vekt på, samt å observere hunden sin åtferd.

– Gode ekvipasjar

Kurshaldarane frå NKH var leiar og instruktør Nils Steinvik, saman med instruktørelev Tor Nilsen, som er nøgde med kurshelga i Sunndal.

– Ver og terreng på Sunndalsøra var realistisk i forhold til dei krav som stillast til ein kadaversøkekvipasje, sol og varme, kupert terreng med skog og myr og masse flått. Frammøtte deltakarar var både motiverte og lærevillige slik at alt låg til rette for gode treningsdagar, noko det også vart. Det var gode hundeførarar og gode hundar som deltok, seier dei.

Etter å ha gjennomført dette kurset i kadaversøk hos NKH må ekvipasjane gjennom eit «vedlikehaldskurs» og ein godkjenningsprøve for å bli godkjent. Det skal dokumenterast minst 30 timar tilsyn, og hunden skal vere registrert med chip eller registreringsnummer. Det må også ligge føre ei anbefaling frå instruktør før ekvipasjen kan gå opp til godkjenningsprøve.

– Med noko trening framover så vil alt ligge til rette for at det snart blir godkjente kadaverekvipasjar i området Sunndal, meiner kurshaldarane.