Mange tok turen til Åsen bygdemuseum måndag, der museet og kulturavdelinga i kommunen presenterte det omfattande kavlvegprosjektet som no er i gang. Ein kavlveg er altså ein veg som er laga av stokkar som er delt på langs og lagt ned i bakken for å gjera ferdsel mogleg i myr og vått terreng.

På Eidet ligg eitt av dei mest verdifulle kulturminna i Surnadal kommune; ein 800 meter lang kavlveg som er datert til år 1020 – 1160, ein veg som altså vart bygd for nærare 1000 år sidan. Dette er bakgrunnen for prosjektet, der måndagens møte markerte oppstarten.

– Det låg to kavlvegar på Eidet. Den eine, den mot Østbødalen ligg i myra, noko som gjer at den er godt bevart. Kommunen ønskjer å verne om dette verdifulle kulturminnet, men også auke kunnskapen om det og gjera det meir tilgjengeleg for folk flest, fortel kulturleiar Lilli Husby.

Pengar til ny stilling

Forprosjektet starta i 2016. Nå er man over i startfasen i hovudprosjektet, og hittil er det løyvd bortimot ein halv million kroner frå Riksantikvaren og ein kvart million frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Sist veke løyvd fylkeskommunen 180 000 kroner til å engasjere ein person til å drive prosjektet framover, opplyser Husby. Det vil også bli søkt om tippemidlar til resten av prosjektet.

Så langt er det mellom anna planlagt ein kulturtursti med utgangspunkt i Åsen, rekonstruksjon av 500 hundre meter med kavlveg, leirplass ved Lomtjønna, med meir. Delar av stien vil bli laga med grusdekke, og det er tankar om skilting/merking, delvis lyssetting, med meir. Anlegget skal lagast så miljøvenleg som mogleg og i stor grad ha ei universell utforming.

– Eg ser omrisset av eit kjempeprosjekt og gler meg til å sette i gang, seier Husby.

Håpet er at dette blir eit prosjekt med lokalt eigarskap der aktuelle bidragsytarar til dømes kan vere elevane ved tømrarlinja ved Surnadal vidaregåande, Friluftslinja ved Nordmøre folkehøgskule, barne- og ungdomsskulen, samt barnehagane.

Skal halde kurs

Prosjektet skal gjennomførast som eit samarbeid mellom Surnadal kommune, Nordmøre museum og Husasnotra (Geitbåtmuseet) i Valsøyfjord. Husasnotra gjer arbeidet på gamlemåten ved å hente skog og kløyve stokkane, og Torgeir Leivdal var på museet denne dagen og demonstrere kløyving av tømmer og legging av kavlar. Jon Bojer Godal var og til stades og delte av sin enorme kunnskap om tradisjonshandverk og materialar.

Den delen av stien som skal bestå av kavlveg, skal byggast etter same mønster som den gamle vegen som ligg gøymt i myra. I samband med dette skal Husasnotra halde kurs i kavllegging.

– Det som er så fint med slike prosjekt er at ein kan få heile prosessen frå skogen. Vi hogger alltid tømmeret sjøl, fortel Leivdal.

Han fortel at dette er ein fin sjanse til å studere materialet, kva som gjer at det varer så lenge, med meir. At det å studere verktøyspora i kulturminna er viktig.

– Kva for verktøy brukte dei, og korleis gjorde dei det den gongen? Kvifor varar det så lenge? Vi må gjere det på same viset, seier han.

Stor overføringsverdi

Prosjektet er både for å få fokus på – og ta vare på dette kulturminnet, som er automatisk freda. Men også for å bevisstgjere folk på at det faktisk finst så gammalt og så langt kulturminne her.

– Seinare ser vi for oss å knyte til fleire tilkomststiar, til dømes frå Grytåfeltet, opplyser Husby.

Som ein del av prosjektet vil det altså bli halde kurs i kavllegging, der formålet med desse kursa er å vidareføre kunnskapen om den gamle teknikken slik at den kan takast i bruk til dømes i samband med turstiar også no til dags.

– Dette prosjektet kan ha stor overføringsverdi både her omkring og til andre delar av landet, seier Husby, noko fylkeskonservator Bjørn Ringstad og stadfestar.

– Vi har ikkje så mange kavlvegar i fylket eller landet, så dette arbeidet kan ha stor overføringsverdi ja. Vi har stor tro på prosjektet og har difor gått inn med pengar. Dette er eit spanande prosjekt som vi ønsker å satse på, seier han.