Bernt Bøe hadde som vanleg alle trådar i si hand og imponerte først med kåseri og orientering om den heilt nyskrivne boka «Kyrkja i Åsskard – med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet.» Eit fantastisk arbeid med historikk frå langt tilbake i heile det store området som Stangvik omfatta ein gong.

Rikeleg biletmateriale (mykje som elles ikkje er samla) og ein oversiktleg presentasjon, av mange kyrkjer, ikkje berre Åsskard. Dette er ei bok for alle heimar i området, med sine historiske fakta, personportrett og anekdoter.

Kvelden bar elles preg av grundig forarbeid og solide profesjonelle aktørar saman med lokale utøvarar og ein par allsongar.

Det lokale koret «Prosjekt 17» og Kristiansund Kirkekor hadde kvar sine avdelingar og flottefellesnummer akkompagnert av fiolinistane Trond H. Saltnes og Odd Sonntag og kantor Tor Strand på orgel og piano.

Kveldens store solist var den svenske bassongaren Erik Rossenius. Han hadde fleire sterke avdelingar med brilliant akkompagnement av Tor Strand. Det var mektig å høyra han syngja med innleving «Var jag går i skogar, berg och dalar» av Carl Olof Rosenius, bror av hans eigen tipp-tippoldefar.

Elles ein variasjon av songar og melodiar, frå Bach, Faurè, Mozart til Wennerberg, Peterson-Berger og Åhlèn, og harmonisering av Bernt Bøe sjølv.

Ein spiss på kvelden da Sigrid Vetleseter Bøe dukka opp og var med på dei siste fellessongane med sin strålande sopran.

Men kor var journalistane? Er ikkje dette noko å referere i lokalpressa? Ein kjenner det litt slik som Leif Ove Andsnes sa det etter Grieg-maraton, ein samanhengande proff konsert på 30 timar utan nemneverdig mediadekning: «Den klassiske musikken overses av norsk presse.»

Slik kan vi som er interesserte i kyrkjemusikk og kyrkjelege arrangement også føla at det blir neglisjert. I alle fall i høve til alt anna som får store medieoppslag, festivalar og «ladyar». Ein førehandsomtale, skrive av dei som arrangerer er vel ikkje det same som å få referert konserten. Ville sportsinteresserte vera tilfreds med det for eit sportsarrangement?

Einy Rendal Elgsæther