Pressemelding frå Vegtilsynet:

Statens vegvesen Region midt inspiserer og drifter ikkje skredsikrings- og skredvernstiltaka sine godt nok. Det meiner Vegtilsynet i ny tilsynssak, der dei òg har inspisert delar av vegnettet i regionen.

Vegtilsynet ville undersøke om Statens vegvesen, Region midt etterlever krav til drift og vedlikehald av skredsikrings- og skredvernstiltak som til dømes is- og skrednett, steinsprangnett og skredvollar, på riksvegane.

Undersøkinga omfatta fire driftskontraktar i Region midt:

• 1500    Ålesund E39

• 1503    Indre Romsdal E136

• 1505    Indre Nordmøre Rv 70

• 1604    Gauldal Oppdal E6

Samla sett viste tilsynssaka at regionen ikkje inspiserer og drifter dei utvalde skredsikringsobjekta i tråd med krav. Dette kan føre til at sikringstiltaka ikkje verkar som føresett, og kan vere farlege for trafikantane.

Vegtilsynet avdekka tre avvik i saken, og det vart gjort éin observasjon.

Vegtilsynet fann at:

• regionen ikkje oppfyller krav til at inspeksjonsplanane tydeleg skal definere type inspeksjon og frekvens;

• objektlistene i inspeksjonsplanane ikkje vert oppdatert undervegs i kontraktsperioden, og difor ikkje sikrar at alle objekt vert inspisert.

• regionen ikkje utfører inspeksjon for alle skredsikrings- og skredvernstiltak i samsvar med krav;

• regionen ikkje kan dokumentere at dei utvalde objekta har funksjon og utsjånad i tråd med krava til standard for drift og vedlikehald på riksvegane.