Torsdag 12. juli tok "Monsen minutt for minutt" til på NRK. Storsatsinga skal visa sakte-TV over fire veker der friluftsliv og fjellvandring er tema.

Alle som vil, kan bli med Lars Monsen på turen gjennom Hardangervidda, Jotunheimen, Vesterålen og Indre Troms.

Inviterer til vekentleg utedag

Men ein må ikkje nødvendigvis gå med Monsen for å få flotte naturopplevingar. I løpet av perioden inviterer DNT til vekentlege nasjonale utedagar, med ulike tema.

– Store sommaropplevingar ligg rett utanfor døra di. Dei gode minna og dei låge skuldrene får du like godt på eit utkikkspunkt i nærleiken av der du bur, i soveposen i nærskogen eller ved primusen med ein du er glad i, seier Nils Øveraas, generalsekretær i DNT.

#HeleNorgeSpiserUte

DNT oppmodar alle til å ta med seg maten ut førstkomande laurdag, om den så er pakka i matpapir, pølser på termos, eller laga på primusen.

– Når det er sagt er det særs tørt i store deler av landet no. Respekter bålforbodet, og vis særskild aktsemd dersom du brukar primus, seier generalsekretæren.

Går du for primus i tørre område, må du halda deg i nær vatn, ei snøfonn eller stein. Ikke fyr opp på lyng eller anna underlag som lett kan ta fyr.

– Ta med sitteunderlag og varme klede.  Få med deg den uslåelege kombinasjonen av eit måltid under åpen himmel. Maten smakar endå betre på tur, slik er det berre! seier Øveraas.

Del augeblikka dine, vinn premiar

Etter Hardangervidda og laurdagen der heile landet tek maten med ut, fylgjer "Hele Norge på topptur, når Lars Monsen går i Jotunheimen. Der er det ei mengd flotte toppar, men små turar i nærmiljøet kan òg vera store. I Vesterålen er temaet "Hele Norge pukker opp" med søppelrydding i fjell og på strand, og i Indre Troms vert det "Hele Norge dater ute", der du vert oppmoda til å invitera ein ven eller andre du er glad i til ei kjekk uteoppleving.

Dei som tek ei av utfordringane kan dela bilete på Instagram eller Facebook med #helenorgespiserute, #helenorgepåtopptur, #helenorgeplukkeropp eller #helenorgedaterute. DNT kårer vinnarar kvar veke som får med seg hytteovernattingar og andre fine premiar.

DNTs tips til utematlaging:

*Lag alt klart kvelden før. (Kutt grønsaker, lag deig osv) Då vert dørstokkmila dagen etter kortare.

*Tenk miljøvett, unngå eingongsgrill. Ta med primus, lag deg ei saftig niste, ha pølser på termos, fyr bål på ein trygg stad eller gå for kokegrop om du er av den tålmodige typen. Mmm!

*Allemannsretten gjer at me kan ferdast nær sagt kvar me vil. Men allemannsretten handlar om plikter òg. Ta med deg alt tilbake som ikke høyrer til i naturen. Legg igjen ein takk – og elles ingenting!

Mattips i område med bålforbod:

Salat:

Bland ein salat med det du likar best! Kva med å bruka restar fra kjøleskapet så unngår du matsvinn? Ta med balsamico, olivenolje eller ein dressing i sekken. Pakk med brød om det fristar.

Wrap:

Steik kjøt i forkant eller finn fram bønner eller kikerter for ein vegetarvariant. Kutt grønnsaker og ta med rømme. Plukk og miks og legg i lefsa som du vil når de er fremme – og nyt!

Pølse på termos:

God gammal klassikar! Ta med varmt vann på termos heimefrå og putt wienerpølsene oppi 10 minutt før de skal eta. Hugs ketsjup, sennep og sprøstekt løk om du likar det.

Mattips i område utan bålforbod:

Pølse eller fiskekaker med grønt pinnebrød:

Du kan enkelt byta kjøt ut med fiskekaker. Halvsteik pølsa over bålet og tvinn pinnebrøddeigen tynt rundt.

Pinnebrød:

500 g mjøl (gjerne ei blanding av grovt og fint), 2 ts bakepulver, 5 ss sukker, 1 ts salt, 1 dl matolje, ca 2 dl vatn, Nokre dropar grøn konditorfarge.

Bland alt det tørre, ha olja i. Deigen skal ha plastelinakonsistens. Legg deigen i ein isboks med lok eller plastpose rundt.

Banansjokolade:

1 banan, 3–4 ruter sjokolade.

Lag eit snitt i bananen på langs med ein kniv. Legg sjokoladen i snittet, og pakk den inn i folie. Legg den glørne på bålet til bananen er mjuk og sjokoladen har smelta.

Hugs skei til å eta med!