Primus motor Svein Årnes i lag med vertinnene Karen Waag, Inger Haugen og Elsa Telstad Bøe pluss ei som vanleg gnistrande opplagt Gunn Signe Årnes Nisja kunne glede seg over stappfullt grendahus og mange turgåarar.

Setervandring på Hamnes

Dagen starta pa Hamnes. Her fortalte Svein Årnes om gardane og knytte historikk til desse. Særleg inntrykk gav diplomen frå departementet som Ingeborg Trodal Hamnes i 1904 vart tildelt for den bragda ho utførte med å berge to som hadde gått igjennom isen i Sandnessundet.

Deretter gjekk turen opp den bratte setervegen. Her er storvaksen skog - som «Stortollå». Etter ein hyggeleg rast ved den restaurerte Nersetra gjekk turen tilbake til samlingsstaden skulestua (grendahuset) på Årnes. Under vegs la ein merke til dei mange terrengnamna som lokalfolket, aller mest Svein Årnes, har skilta og bevart for ettertida.

Servering og kulturinnslag

På skulen baud Karen, Inger og Elsa  på overdådige servering – for fullsett skulesal og godt befolka stue i andre enden av grendahuset. Svein hadde henta fram skuleglimt frå bestefar Knut Aarnes sine livsminne, og desse vart opplesne av Gunn Signe. Mellom anna fekk vi interessante glimt av lærarpioneren Ole Evensen og av amtsskulekurset i Stangvika 1888-1889.

Gunnvald Bøe kåserte om terrengnamna som viktige kulturdokument, både gjennom stadnamnfaglege refleksjonar og med lokale eksempel, ikkje minst frå turen som nettopp var avslutta. Publikum fekk aha-opplevingar, både av uventa samanhengar mellom engelsk, tysk og nordmørsdialekt og av konkrete namneperler som «Sølaterpannå» i Hamneslia. – Ordet «sølater» finn vi att hos Falkberget og, kunne Gunnvald opplyse. – Det betyr «soldat», så her er det gjømt spennande historie i landskapet!

Blant dei mest langvegsfarande i flokken var søstrene Astrid Megard Sollid frå Steinkjer og Bjørg Megard Kjølen frå Ronglan – begge opprinneleg frå Bøfjorden og med Hamnes-blod på morsida. Dei helsa begge på kvar sin festlege måte og sette pris på samver med «folket sitt» på ein slik dag.

Verdig vinnar

Loddsalget gjekk strålande – med god inntekt til vidare frivillig innsats for bevaring av  lokal identitet og kultur. Blant dei mest attraktive gevinstane var Inger Haugen sitt vovne stolklede med spelsau-trekk – som sønnen Torstein forresten vann – og måleriet «Trollheimen» som Astrid Sollid hadde gjeve til Årnes-dagen. Og applausen stod i taket da vinnaren var nettopp han som legg aller mest glød, kunnskap og innsats i desse årvisse dagane – nemleg Svein Årnes!

Og for å knyte skuleopplevingar til arrangementet, var det sjølsagt mykje allsong til tonar frå det gamle skuleorgelet - frå «Sjå dagen sprett i austerætt» til den så kjære «Fager kveldsol smiler».