Jublar for samrøystes skulevedtak:

Kongevedtak for Todalen

I saka om Todalen skule vedtok kommunestyret i Surnadal samrøystes tilrådinga frå rådmannen, som får skryt frå alle hold for grundig arbeid med utgreiing og saksframlegg. Etter ein stor times debatt, kunne dei frammøtte todalingane endeleg sleppe jubelen laus. Skulen er berga inntil vidare!

Glade: Dei fire todalingane som følgde debatten i kommunestyret kunne sleppe jubelen laus da vedtaket endeleg var fatta. Skulen og barnehagen i Todalen er sikra – i alle fall for ei stund. F.v.: Yuliya Rogach Halle, Line Kvendset, Kjetil Sogge og Bjørn Gunnar Ansnes.  Foto: Gøran Rønning

Nyheter

Dei fire todalingane som torsdag kom til kommunestyresalen for å følje debatten i saka om samanslåing av Todalen og Stangvik oppvekstsenter pusta letta ut og delte ut klemmar etter vedtaket, som i denne omgang sikrar vidare drift ved skulen og barnehagen i Todalen.