To leiteaksjonar same natt

Først måtte turistar få assistanse, deretter vart ein saueleitar meldt sakna.

Gjekk seg bort: Utanlandske turistar kom utanfor stien og måtte ha assistanse for å finne vegen ned att. 

Innhenta av mørket: I dette området var det saueleitaren fann sauene sine. Sauene var i dårleg kondisjon og lite villige til å være med heim og vart difor innhenta av mørket. Det er fleire timars marsj fram til veg herfra.  

Nyheter

Nokre utenlandske turistar på fottur i retning Bjøråskaret måtte måndag kveld ha assistanse for å finne vegen nedatt. Dei hadde starta frå Innerdalsmerket og gått etter turistlina i retning Bjøråskaret. På turen nedatt kom nok haustmørkret litt fort på, og dei mista kontakten med den merka stien (turistlinja frå Innerdalsmerket til Innerdalen).

Etter kontakt med naudnummeret organiserte den lokale politivakta lokale kjentfolk etter at deira mobiltelefon var peila inn så nokon lunde. Dei hadde kome eit stykke ut frå stien og hamna i nedre el av Bjøråøyann, der dei raskt vart lokalisert.  Dei var litt nedkjølte, men elles i fin form, og fikk hjelp til å kome seg ned til bygda igjen.

Ny leiteaksjon

Lensmannsvakta i Surnadal fikk ikkje mykje ro i natt. Ikkje før var dei kome heim frå aksjon ved Talgøsetra så «tikka det inn melding» om sakna saueleitar i Romådalen – eller nærare bestemt i området mellom Rognnebba, Fruhøtta og Peikhøtta, fortel politibetjent Per Gjeldnes. Der var det 1 meter snø, og da sjølvsagt dårleg føre både for saueleitarar og sauer.  Og herfra er det heller ikkje så lett å få kontakt med omverden.

Han fann etter kvart sauene han var på leiting etter i området ved Peikhøtta, men sauene var i dårleg kondisjon, uvillige til å være med heim, og det tok mykje lenger tid enn han trudde å få dei ned  frå Storbotn og til Romådalen. I Romådalen hadde han overnatta under ei gran ved ei av setrene, og hadde da pakka sauene rundt seg for å halde varmen.

Fekk kontakt før helikopteret letta

Per Gjeldnes ved Surnadal og Rindal lensmannskontor fortel at det var umulig å lokalisere saueleitaren via krysspeiling av mobilen, da det ikkje er mobildekning i Romådalen.

Først måtte dei difor leite opp bilen til sauleitaren og søke i dette området, men skjønte fort at det var best å ordne seg på å sette inn helikopter i morgontimane.  Men før helikopteret rakk å ta av kom dei i kontakt med saueleitaren og kunne dermed blåse av heile aksjonen.