Nesset og Surnadal

Kan bli årets ungdomskommune

Surnadal, Nesset, Skodje og Ulstein er kandidatar til å bli kåra som årets ungdomskommune i Møre og Romsdal.

Grotta ungdomsklubb: I Nesset er ungdomsklubben "Grotta" eit populært tiltak. Oda Sæter Hammervoll (13), Chanel Medalen Helberg (13), Ãsne Larsen Stavik (14), Linnea Wadsten (13) og Ida Kalset (13) sett alle pris på tilbodet.  Foto: Sigmund Tjelle

Nyheter

Det er på Ungdommens fylkesting fredag kveld kåringa skal skje. Kvart år kårar ungdommens fylkesting årets ungdomskommune i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til ein kommune som har utmerka seg ved å legge til rette for ungdommar gjennom medverknad, skape gode møteplassar, bidra til eit allsidige fritidstilbod, eller på anna vis har gjort ein særskild innsats for ungdom i kommunen.

I år er det fire kommunar som er nominert, mellom dei Surnadal og Nesset. Delegatar frå dei ulike kommunane skal halde ein presentasjon av kommunen sin før fylkestinget kårar vinnaren fredag kveld.