Forfattarane Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes er ute med ei ny bok. Tittelen er «Under Skarfjellet - lokalhistorie frå Eidet og Lykkjebygda». Boka er den første av i alt tre bind som er planlagt utgjeve under denne tittelen. Etter planen skal neste bok kome våren 2019 og den siste til jul i 2019.
Onsdag kveld 5. desember inviterer forfattarane til bokslepp på Stangvik skule. Der skal forfattarane informere om bokprosjektet og gje smakebitar frå innhaldet. Det blir enkel servering og høve til å kjøpe signerte bøker.
Utgjevar er Stangvik Historielag, som også presenterer sitt ferske årsskrift under boksleppet.
I 2016 fekk Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes Kleivaprisen. I si tildeling peika juryen på at dei har gått i fotspora til Hans Hyldbakk og at dei fekk prisen for arbeidet med bøkene «Kvenndalen med Kvennbøtæla og Engjamarka, Historia – kulturlandskapet -folket», frå 2010 og «Søyådalsboka», med undertittelen «Utmarkshistorie frå Eidet» som vart lansert under Vårsøghelga 2015.